Før i tida, då somrane sto for døra , sto dei dåverande ordførerane , Stang og Nordengen, i hovudstaden fram , med vidt opne armar og ønska resten av landet velkommen. Storparten av våre skattepengar som
går til kunst og kultur har jo alltid havna i den byen, vera seg det nye Opera bygget i den dyraste Italienske (og sikkert verdas) dyraste stein som finnes, flotte bibliotek byggd med økonomiske øveskridingar som sikkert kunne halde
liv i kver einaste samfunnshus og bygda stover rundt om i vårt vidstrekte land, i mange mange år. Så skulle vi få oppleva å sjå ka skattepengane våre gjekk til, så var vi nødde å følga oppmoinga
til ordførerane.
Men i alle fall ..vi reiste inn i hopetall , la oss inn på skamdyre hotell og gjekk på gode rockekonsertar og anna. Vi fekk med oss Heyerdal, Nansen, Amundsen , ein masse krigshistorie , hurtigrutemuseum, skimuseum,
Holmenkollen ..vi smugtitta på den amerikanske ambassade, på stortingsgarasjar og det som sikkert verre var.som freks å kjøpa reker og pils nede på Aker brygge. Då hadde vi ikkje meir råd til mat den dagen. Men vi
koste oss og tok oss likevel råd til eit fortausresturantbesøk, omringa av gatemusikkantar .. Musikken her var vel litt varierande med ringnesølet smakte no ikkje så aller verst likavel.
Men no er vi pluselig ikkje så
velkommen lengre.. Den eldre dieselbilen vår vil dei ikkje sjå..dei prisar parkeringa slik opp at ei døgnparkering koster like mykje som ei billig (alså ei sjeldan) seng. Skal vi våge oss ut på ein liten spasertur så
er det på eige ansvar i krysseld av elsparkesyklar. Forviller ein seg uti dei vanlige oppmerka sykkelvegane så er det nesten like farlig. Her suser tiårskomne pensjonistar rundt i 60-70km/t på elsykkel.
Slike opplevingar maner til edrulighet , så det å ta seg ei pils og to bør ein avstå ifrå.. for her ligge vi som turistar og fotgjengerar dårligt an.
Og når vi veit at i Oslo i sommar så har gjestene
fyllt opp berre ca 35% hotellkapasitet , altså 65% prosent av hotellroma sto tomme. I Bodø var det visstnok under 10% som sto tomme, medan i Kristiansand var det smikk fulle hotell og ingen ledige rom så ser vi at det å
lansera Oslo som ein turistmagnet er ein gedigen skivebom.
Nei..trudde aldri eg skulle sei dette, men eg saknar nevnte ordførerar ,sjølv om dei var høgrefolk..Dei var noke så sjeldan som høgrefolk med eit stort hjarte..Og
eg har i alle fall ingen planar med å reise og legga igjen penger i vår ultra grønne(?) hovudstad…