Blogg

I går sette eg meg godt til rette i min  gode raude skinnstol frå Ekornes..og sovna. Har alltid vore litt fan av sunnmøringen som lager behagelige møblement i bøtter og spann. Det vil sei heilt til han selde seg ut til Kina for ein milliard. Då veit vi ka som hender..for til slutt blir fabrikken på Sykkylven demontert og frakta austøve..Som kineserane td gjorde med Smelteverket i Odda.. Kver ovn,maskin og kver skrue var demontert og sendt halve verda rundt…Attende sto det gamle murvegger med grafitti og eit  samfunn i krangel.

Men  i denne freda ettermiddagen/ tidlig kveld sov eg godt og hadde ein fantastisk flott draum. Eg drøymde at seminarflyet il Tangen flaug seg vill i campagne tåka…Eg trur dei tilslutt havna i Nord Korea eller var det på ein flyplass lengst nord på Grønland?—Ikkje heilt sikker her..men det var i alle fall heilt umogelig å  komma vekk derifra.. Det ufriviljuge opphalde varte bortimot eit år. Tenk deg ein heile flylast med korrupte politikerar, museumsfolk og ein masse hangarounds og blodigler på toppen i det Norske samfunnet…som toppe dette kameraderiet.  Tenk deg heile denne gjengen sett ut av spel eit heilt år..ikkje rat at det var ein draum til  6 på skalaen.

Du kan skjønna at eg nesten fekk sjokk då eg vakna til Fredrik Solvang sin debatt på tven og der sto sjølvaste høgresleipingen himself Torbjørn Røe Isaksen og der var også Frp sin yngling og bløffmaker Dale,, Ap sin storfresar Støre… Uff a meg for ei kjipe uppvakning…

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.