No er vel vallistene til dei forskjellige partia så godt som ferdige. Ikkje at eg bryr meg så voldsomt…men tipper at for AP så er vel dei bemidla, dei med opptil fleire mastergrader, dei som har ei universitetsutdanning, kanskje
ein broiler og to som satser på ein sikker framtid som vel 3-4 periodar på Stortinget gjev. Broilere som kjeme frå heimar der far eller mor har trødd i sikre AP fotspor heilt sia Gerhardsen.. Om dei ikkje har hatt arbeidsklær
eller vernesko på..ever, spelar kaine rolle arbeiderpartiet er rause slik..Dei ser heilt vekk i frå slike småting. Mykje viktigare er det om du har orden på millionane du har i banken og fond, eller at du allereide har fartstid i gutteklubbane..
og sosiale antenner oppover. Og mangler du noke av dette så ordner det seg nok etter ein periode på Stortinget.. Aller helst bør du også ha antennene retta utaskjærs..ikkje imot England forståes, men imot Brussel. Og om
du kjeme inn på Stortinget så må du tåle at partipisken viser at alle vegar, i alle fall dei nye fører inn imot Oslo. Du må vera beredt til å gløyma kor du kjeme i frå og dei feite valløfta som
du la ut som agn for å komma inn . Og i Oslo AP sitt varme lune finnes det knappt ein arbeider lenger..berre typer av det menneskematriale som er ønska ovanfor. Her lever direktør ditten og direktør datten det gode liv som har syltynne
grenser til korrupsjon og kameraderi. Her er det såklart ikkje plass til ei husmor frå Sortland, ein støperiarbeider frå Odda, ein nyslått nordmann frå Syria som malte heile båthust aleine på dugnadfor å
få innpass eller ein sinna pensjonist frå Etne. Så klart ikkje. Slike typar finn dei kanskje plass for langt nede på listene. Og ikkje på sikre plassar…så klart. Kanskje på tide å endra namnet Arbeiderpartiet
til noke som står meir i stil med millionærane og dei som er på toppen i partiet. Arbeiderar er dei så visst ikkje.