Blogg

 

Ein båtur på 320nm i nyinnkjøpte snekke unnagjort på ca 32 timer , i nydelig haustvær , frå Sætre på Østlandt til Skånevik på Vestlandet, er berre flott, eller skal iallefall vera det.  Landet ligge der inne , så med ei hand på rattet kan ein ta inn det flotte synet av gamle vakre Norge som ligg om styrbord ..Set ein kursen litt tettare inn imot land, ser ein detaljar som strender , nes, blankskurte berg, skjær med skumsprøyt rundt, foræderiske grunner der sjøen drar seg til der bølgene vert krappere og djupare. Over dette, og lengre inne  ser ein flotte hytter , hus og  småe landsbyar , landformasjonane er ikkje høge og heldigvis kjemisk frie for uskjønne vindturbinar.  Her har ikkje utanlandsk kapital og korrupte poitikerar ennå ikkje fått fotfeste..ikkje ennå i alle fall.

Men alt har ein ende . Når ein tøffer ut frå Mandal etter dieselpåfyll og noken innkjøpte  bæreposer med mat , gler seg til å få sjå Lindesnes fyr i det fjerne noken sjømil lengre framme , så daler humøret ned imot null. Lenge før ein får sjå fyret så ser ein noken svære kolosser som veiver på Norges sørligeste nes. Ein grøsse på ryggen og  setter kursen inn i mot Spangereidkanalen for å komme unna dette jævlige synet. Ein går indre lei imot Farsund og  stålsette seg imot det som venter ein langs Lista. Her og nordover imot Tanager på Jærkysten er dei låge fjella imot kysten pepra med hundretall av vindturbinar. Det er eit trøstesløst syn og ein blir rett og slett sure og lei seg . Sønnen min som er med meg på turen ber meg gå ned i den mørke lugaren så eg slippe å sjå dette forferdelige synet. Han vekker meg ikkje ikkje før vi ha Kvitsøy på tvers og vindturbinane langt bak oss. Haugalandet reiser seg forut og er enn så lenge stort sett fri for desse turbinane, men dei er planlagt ..imot folk og ordførar sin vilje, i Tysvær.

I Haugesund vender vi ryggen til eit par av desse veivande fingrane som er sett opp med Sveitsisk (og norske skattepengar)kapital .

Med svinnande dagslys i mot stummande mørke,går vi med augene stivt festa  på kursstreken på plottaren ut imot Sletta og Bømlafjorden på veg oppover og på veg heim..Streken viser sikker veg mellom holmar og skjær som Bloksen. Bloksen som ennå ikkje har fått lykt på seg, iallefall ikkje ein som virker.   Her er det ikkje ikkje vindturbinar å sjå , men her må ein passe på å ikkje kollidera med eit 20tals lakseoppdrett .

Det er rart det der at det er vi Vestlenningar og Rogalenningar , Møringar og  Trønderar som må ha dette svineriet rett utafor dørstokken vår. Østlenningane og til dels Sørlenningane er fritatte for jævelskapet…ennå.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.