Blogg

Vi kan i alle fall bli enige om er at  ein del ting som kan vera dødsviktig for noken kan samtidig vera  totalt uinteressant for andre. Som i beste debatt tid i Dagsnytt 18 der ei vakker mørke dame fortalte at ho kjennte seg utrygg når ho sette seg på ein spesiell benk i Botanisk hage . Grunnen var at benken rett og slett var donert og sett  opptil  til ære  for vitskapsmannen  Linne og som dermed sjølsagt bar hans  namn .

 Ein benk med rett namn sett  på rett plass ville eg tru. Men det meinte ikkje nemnde dame som hadde fått ein ivrig SVar frå bystyret i Oslo med seg som meiningsfelle. For Linne hadde visstnok eit tvilsamt menneskesyn som var reinspikka rasisme meinte paret. Ikkje det at eg kjenner Linne sitt arbeid og vesen godt, men eg trudde i alle fall at han var ein hardt arbeidane svenske som hadde gjort mykje for  å katalogisere planter etter mange mange års studier i faget.

Men no var også den gode svenske havna i det dårlige selskap som ma vår lokale heltar frå barndommen, Torbjørn Egner, Tordenskjold og dei engelske Churchill og Admiral Nelson.. Dermed måtte eg google han , men fann ingenting om at han hadde gjort så mykje fælt at at dama skulle kunne kjenna seg utrygg av når  ho sat  på benken som bar hans namn.

Derimot leste eg at han hadde tråkka litt på ømme prestetær på den tida, rundt 1750 for han hadde katogerisert menneske og aper i same klasse…utan at eg kjennte meg noke fornærma av den grunn.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.