Å ha eller å få eit kallenamn , er slett inga skjemt. Eit utenksamt augneblink, eller eit sleivete ord frå deg sjølv eller nokon annan og der er det, kanskje vært det hengande med deg resten av livet, meir
og kanskje heldigvis mindre. Noken kan ha med namnet eller etternamnet ditt å gjera , kanskje å korta det ned ein del , som ”Mr T.” Noken med utsjåande ditt, kanskje hårfargen, ”Raude” , auene,”
Blasse”, øyrene, ”Dumbo” baken ”Koserompa” ol. å gjera. Det kan vera småe ting som skil deg ut ifrå resten av venekrinsen, og der er du. Alltid ei eller ein artige type som ser
og kommenterer. Det kan og sjølvsagt væra reine fantasiord som har dotte ner som eit lite takras. Eit kallenamn kan vel ha med interessen rundt din eige person å gjera? Eller? Kanskje noken vil stempla deg , for heile
livet. Mitt var, før i tida , ”Ule” , Eg veit det var Lars Ove som fann på
det,han var flinke på slikt. Det kan ha , som eg trur, eit utspring i etternamnet mitt. Men her er eg slett ikkje sikker, vanskeleg å veta ka som rører seg oppe i hjernecellene til opphavsmannen. I alle fall så vert eg
av og til minna på namnet når eg treffer gamle kjenningar frå mange, mange herrens år sia. Til og med til 50års dagen min så var det ein vittig kompis som hadde skreve ein song om ”Kule Ule” .. Om eg nokon
gong har likt kallenamnet som eg hadde då eg var ung, er eg litt i tvil om. For å sei det slik, så var eg ikkje overvettes glad i det, og kan styra meg enno. Men det kunne vore verre, eg veit om ein som de kalla ”Dasslokket”.
Akkurat slike namn er vel heilt på grensa til mobbing. Tenk å ringa heim til han , få mora på tråden og så spørra om ”Dasslokket” er heima? Nei då var det betre med ”Bralle”
, ”Body”, ” Skalken”, ” Pæbø”, ”Boya”. Desse siste gjekk jo i min klasse på folkeskulen. Ta freks ”Body” som var Lars Ove sitt kalllenamn, og her kan eg vore den skuldige
til det opphavet. Vi hadde akkurat starta å læra engelsk og LO tykkte at Everybody var eit flott ord, som det jo også var, men det var for langt. Kunne jo ikkje ropa på ”Everybody” på tileks fotballbanen for å
få LO til å senda ein pasning. Nei då korta vi det ned til ”Body”, som jo også var kort og tøfft. Kanskje i tøffaste laget når ein veit ka det tyder. Men det var og møkje greiare enn ”Brilleslange
med smilehol” som eg også hadde klart, for Lars Ove (han bruka briller på den tida). Til mitt forsvar skal det seiast at Lars Ove hadde nett døypt vår første båt i familien Ulset, ein vakker 16 fotar Rana med
vindskjerm og 5,5 hk påhengar, for ”Ule 2”. For å sei det slik, tida var øvemoden til å gje Lars Ove eit skikkeleg kallenamn og at det vart ”Body” syntes eg var heilt greitt.