Når ein blar i avisa og kjeme til dødsannonsar og minneord om folk , så tenkjer ein..ja..javel så er han eller ho mønstra av. Noken litt for tidleg og andre sikkert mett av dage. I minneorda om han eller ho er skreve
med varme og kjærleik. De var eit samlande punkt i familien, var flinke til å laga kakao, høgtlesing, var alltid der når ein trengte dei. Dei var der når far og mor trengte å komma vekk litt frå dagens mas og kjas.
Då var det godt og kunne levera ungane deira igjen i ein trygge hamn . Ofte var de med i idrettslag, skyttarlag, foreningar og var ei berande kraft i lokasamfunnet. Kjekkt å lesa at folk har vore slik. Så byrjar ein
å tenka ka som vert ståande i din nekrolog etter at du er strekkt ut og lokket kommt på penalet. Eller ka folk tenker når dei ser avmønstreinga di i avisa? Ikkje at det betyr så møkje for ein, og kanskje slett
ikkje då. Men likevel. Kanskje det vert sagt som trisa på gamle rutebåten Sunnhordland sa då eg spurte ho om ho kjende noken då ho saumfarde d-annonsane i BT:” Nei”, sa ho,” eg berre ser kor mange som har
slutta å røyke”. Ho var eit triveleg menneske som ikkje vart sure om vi kom på lugardøra hennar kl 0230 på morningen for å spørja etter ei siste flaske Furfino. Saknar både ho og gamle Sunnhordland,
var artig å reisa med dei. Får i alle fall ikkje håpe at noken seier som ein tannlege som eg satt saman med og som forkynna då han skumleste D-annonsane i HA: ”Nei har du sett, han derre jæ….. skylder
meg 19000.”