Har alltid hatt sansen for vår vener med venger. Ikkje at eg er flinke på namn , fuglabøkene ligg altid gøymde heima , men har beundra dei for tilpassa seg, deira sosiale framferd, fargar, størrelsar og slikt. Heima
rundt nåva er det spesielt ein 5-6-7 skjærer eller på angelsaksisk, magpies, som har kommandoen. Dei heldt rådsmøte, litt for tidleg på morningen, planlegg dagen sin som kan vera å plaga kattane på feltet, ha
lange sladdermøter oppe på hustaka eller kanskeje å erta hundar som har forvilla seg utfor døra. Dei er alltid på jakt etter ein godbit om det det kan vera ei tørr brødskorpe, gammal kattemat, middagsrester som
ligg litt vanskelig til under halvåpne søppelkasselokk, overkøyrde pinnsvin som hadde utfordra E134 eller meitemark som dukka fram frå eit nypløya jorde. Magpies er gode flygarar , dei stupdykke, flatar elegant ut, kan
beregna ein snarleg ”take off ”når pus er i næraste laget. Dei er nådelause som mobberar. Ein gong var det ein skada katt i nabolaget, som vart eit skikkeleg offer for the wild bunch. Katten måtte tilslutt søka
naudhjelp hjå familiens sin dachs for å hjelp . Magpies er flotte å sjå på , naturen har vore god imot dei å gjeve dei einslags smoking, svart og krittkvite. Dei liknar på ein kelnar på Grand som
Børresen omtalar med flotte ordlag. Slektningane kråkene, som og er i deira periferiske bekjennskap, er langt
ifrå så elegante i det å føra seg ,og i fjørpraktvegen er dei kjedlige og nesten gråaktige. Dei prøver her, utafor i luftromet og få innpass og få vera med på leiken, men dett igjennom gong på
gong. Til matfatet på altanen kjeme dei i seinaste laget neste alltid. Då er den siste tørre brødbiten snappa av ei skjære som allereide har forsynt seg fleire gonger. Medan kråka vert i metaforen om Grand, den som står
utafor glasa, som ein slags uteliggar, og ser inn på all herligheita, der skjæra tripper i mellom borda. Men i allefall så prøver eg å få båe artane litt på mi side med å gje dei noken skorper av
og til. Forskninga seier at desse artane kan kjenna deg att på augene og dei kan også vurdera deg til vera ein venleg framtoning eller ikkje. For å vera på den sikre sida her kan det vera lurt å gje dei ein godbit av og til. Eg
likar å tru at det er pga av eit gryande venskap, at dei ikkje startar rådsmøte før kl 05på vår og sommar morningar. Men her er eg slett ikkje sikker sjølsagt. Men ein ting er sikkert og det er at eg ikkje behøver
å dra til flyplassar for å få med meg førsteklasses flystemner med all den akrobattikken som er mogeleg.