Blogg

Til dokker som trur at Høgre og Frp held alt som er norsk kjært og at spesielt Frp skal ta vare på den norske arven med å ta inn minst mogeleg flyktningar, slik at alt som er norsk skal kunne bestå utan for mykje innblanding.  Men vit også at i andre enden åpnar desse partia for sal av det urnorske som kraftselskap til tyskerane, slik som deler av oppdrettsnæringa har gått til eigarinteressar frå  same nasjon. Sakte men sikkert åpnar den blå regjeringa for at utlendingane frå litt andre nasjonar skal øveta norske verksemder. For min del er eg møkje reddare for desse multinasjonale selskapa enn for noken stakkar krigstrøytte ungdommar som gjerne vi skapa seg ei betre framtid.

Ein periode trudde eg at det å få bygga småkraftverk i grisgrente strøk, på liks med å få konsesjon for å kunne driva eit oppdrettsannlegg var ein slags noken lunde salgbare distrikspolitikk.  Ein kunne ikkje ta meir feil.  I dag er det ofte tyske laksebaronar som har tilreve seg det som råderetten øve mange oppdrettsanlegg , selt av profitthungrige nordmenn , noko som dei har fått av felleskapet, ein rett som i alle fall ikkje burde selgjast ut av landet. Men profitten rår og alle saman taper på dette unnateke dei som vant i lotto, budrunden om konsesjonen.  Så..og no er det altså sjølve arvesølvet som skal seljast til høgstbydande, med ei regjering som meinar at felleskapet ikkje skal eiga noko,,det er det berre private som skal gjera. Og med eit industridepartement som famnar om at tysk kapital kjem inn og sikrar seg arvesylvet som i botn og grunn høyrer oss alle til. I alle tider har hjemfallsretten vore beskyttande  mot at utanlandske selskap har kunne sikra arvesylvet våras, men er no hardt prøva i EØS avtaleverket som kneblar oss.  Men eg trudde ikkje dette var oppheva ennå, at det skulle fleire rundar til før Høgreregjeringa med Frp på slep , gledestrålande kunne fallby rettane våre til pengesterke utanlandske selskap.  Men no les eg at selskapet Småkraft kjem på tyske hender. Statskraft, Agder Energi, BKK og Skagerak har seld ut sine rettar til eit tysk selskap.  Er dette rett? Og er det verkeleg lov? Småkraft er slett inga kven som helst , dei har 45 kraftverk i drift, 15 under bygging og 100 på planleggingsstadiet. Dei hentar ned vatn frå fjellet , det renn i røyr ned etter fjellsider , flatar ut til stasjonar som produsere straum. Eg likar å tenka på det, også om framsynte bønder her fått konsesjon, at dette er felleskapet sitt.  Men det gjere ikkje dei blå, og slettes ikkje kraftselskapa som har komne inn på eigarsida med pengar og knowhow. Her er det kapital og høge tal som tel. Eg vert beint ut dårleg med å tenka på desse gribbene. Aldri skal vel eg kjøpa ein kw av de, og det bør ikkje andre gjera heller. Og heller ikkje skal dei blå få stemma mi, aldri. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.