Blogg

Stort sett så fixer eg sjølv ting som oppstår med hus, bil, båt og slik . Men det dukkar jo opp ting som sjølsagt er ein experts jobb eller at ein rett og slett ikkje gidder å gå laus det. Då er det godt å ha verksted som Etne Bilservice med Jostein i spissen, til å ta seg av skruinga. De har jo service i namnet..og det lever de opp til. For eks. då de fekk feil bremseskiver til Toyotaen som var inne, og som var lovet reparert ferdig på fredagen, køyrte de 6*2 mil til Haugesund for å få tak i de rette skivene, slik at bilen vart klar til helga Det står det respekt av at de bryr seg slik om sine kunder…og de har i alle fall fått ein faste brukar..

I den andre enden av det å utøva service ..var då eg fekk trøbbel med det eine båtgearet mitt. Kortversjonen her er..etter litt trøbbel for å få det delt fra motoren (trange motorrom, etc ) så at det vart sendt inn til importøverkstaden for Twin Disc gir, Progress ingeniørfirma som ligg i Lillestrøm . De vurderte det at det var eit lager som måtte skiftes og at arbeidet her ville komme på 35K . Synes dette var i overkant pris, men sa ok då det var eit kjent verkstad som skulle fikse gearet. For som eg tenkte , kem kan vere meir kapabel til å få orden på gearet. Neste dag kom det kontrabeskjed om at gearhuset hadde fått seg ein knekk under oppspenning og at de ikkje ville gå vidare med reparasjonen. Men..de kunne jo skaffe eit nytt gir frå Hellas til den nette sum av 48K pluss moms. De syntes eg var for dyrt og ba de sende gearet tilbake. Gearet kom , i deler i ein haug oppi ein kasse utan noke form for beskyttelse i form av bobleplast eller liknande. .  Synes at firmaet bør ta på seg ansvaret for at gearhuset sprakk under oppspenning i reparasjonsbenken , og har sendt mail til dem om dette. Progress gidder ikkje eingong å svare på mail frå meg..

Har aldri vore i ein slik situasjon , så eg har spurt andre båtfolk (på sosiale medier) om råd. Ein storm av hendvendelser viser at 99% meiner at Progress bør ta ansvaret og bør erstatte gearhuset. Det meiner også mitt forsikringselskap Nemi som har yt god service med å ta kontakt med Progress for meg. Prinsippiellt kan det jo også for andre å få fastlått at det er greitt eller ikkje at eit repareande seriøst firma kan ødelegga og deretter berre riste på skuldrene og legge utgifter over på kunden. Så kommer til å sende saken over til Forbruker rådet . Kanskje det har vore saker som dette som er prøvd i rettsaler også .  Det blir litt spennande framover.

Så i den siste mnd er det to verksteder eg har hatt med å gjera. Vårt lokale Etne Bilservice som yter førsteklasses service og store Progress som yter , etter mitt og ein 60-70 båtfolk meining, elendig service.

Interessant er det å følgje bulldosaren Leo Aikic på sin tur , med kamerafolk frå NRK på slep , rundt omkring i krigsherja område rundt om. Vi får bilder frå nedrasa, sundskotne bygningar , redde folk, små underernærte ungar, kalisnikovar, firhjulstrekkte toyotaer, støvskyer frå ørken, soldatar med solbriller og palesinaskjerf rundt hovudet, kvinner i svarte klede som hyler sin sorg om døde fedre, sønner , barn; aptiske  voldtatte ungjenter, flytande oppblåste lik rundt ein velta flyktningebåt. ein menneskesmuglar som bedyrar at han har berre midlar til mat til sin familie..Ei ubeskrivelig smørje av elendighet.  Leo ber om forståing.. vi gløtter opp litt frå FBskjermen, sportsendingane frå Austerrike der det er fint vær. Vi er ikkje flaue eingong, i alle fall ikkje her i huset. Vi berre gløttar på skjermen over nyinnkjøpt sofagruppe frå Ekornes som nesten bikker 50000 i innkjøp…Vi kan jo berre skifte kanal. Vi er jo i godt selskap , her i huset, med tusenvis av andre hustander rundt. Og med halvstalege selskap som heller vil på børs enn å å hjelpe 100%... Det som hender rundt om, er jo berre feilslått politikk som vi knapt kan gjera noke med.. Vi toer våre hender , betalar litt avlat, er faste bidragsyterar med noken lusne hundre for å halda ein eller tre på skulebenken, der nede kor Boko Haram styrer. Vi veit det også handler om skjeiv fordeling her i verda..men vi gjer stort sett faen..nesten alle, men ikkje slike typar som Leo då.

Brødre..det er berre å innrømma det, kvinnfolka har overtatt. Vi , mannfolka, har stått på stedet hvil medan kvinnfolka har fossa forbi. No er det kvinneleg(e) statsminister, ministrar, bedriftsleierar , lastebilsjåførar, sologitaristar, fjellklatrerar , trommisar osv.. I sport nærmar dei seg «våre» rekordar. Hadde Anette Sagen vore litt yngre , og vi hadde gjeve ho nok fart, så hadde hoppa 260m.

Nesten på alle områder har damene overtatt..men heldigvis så er det ennå noken få bastionar som vi tviheld på , kanskje pga av den fysiske forskjellen.

Som i går kveld då ei fager ei av arten song «You'll never walk alone»….Vakkert ja, men bevares..dette er jo ein melodi som kreve sitt. Kanskje hadde ei Ella Fitzgerald, Mahilda Jackson eller ei forhenverande norsk kultuminister fixa denne.. Men berre kanskje.. Her er det nok Gerry frå Gerry and the Pacemakers, ein Barry White e eller ein Chris Rea som gjelder..

For  våre medsøstre som er fast bestemt på å ta over, er det berre å sei : «Stemmebanda våre får dere  aldri»

Naturparker er det jo greitt å ha. Her skal ein visa varsem og ikkje gjera for mykje før det er ulovleg. Det er jo helst på fastlandet vi har desse og her er det varig vern øve ein låge sko. Til sjøs er det vel berre eit fåtall, men det er heldigvis verneområde på holmer og skjær også. Romsaøyane og Taraldsøy i vårt nærområde. Av større parker har vi jo Oslofjorden. Her er det korkje lakseoppdrett eller skjemmande vindkraftverk. Her sprett sjøauren inne i vikane og villaksen fossar oppover fjorden på veg til ma. Drammen- og Akerselva..

I det siste vil mange at vi skal oppretta ennå ein nye sjønasjonalpark oppe i nord. I alle fall skal det ikkje prøveboras eller ha noke slags utstyr som minner om oljeriggar nær Lofoten og Vestrålen. Som østlenningane , reiser dei lokale seg der oppe og forlanger fredning i sitt nærområde. At fiskebåter med Røkkekvotar og Fredriksenfinansierte oppdrettsannlegg skal få driva på som før , ser ut til å vera både rett og rimelig. 

No har jo Lofoværingar og Vestrålingar tillikes som Østlenningane nytt godt av olja som vestlenningar/trønderar/nordlenningar har brakt til torgs. For dei siste har jo sjølvsagt fordelt rikdommar som ma kommt frå Mongstad og Kårstø med resten av landet. Og når no plutselig oljeindustrien ikkje er god nok lenger for dei «etablerte» så er det jo berre rett og rimelig at svære oljeriggar i opplag fyller opp tronge vestlandsfjordar. Vi har jo berre søppeliknade tilstander likevel, fjordane er jo fulle av forureniande oppdrettsannlegg.

Og det å retta ut ei hjelpande hand til arbeisledige oljearbeiderar om å oppretthalda ei moderate leite/utvinningstakt..nei sjå det, det er i alle fall langt nede på politiske handleplaner. 

Sjølv om det var kommunevalet for vel ett år sia , og det var endringar i styresettet til kommunane , så har det vel ikkje vore noko betring i spørsmålet om å la våre eldre få einmannsrom på alders og sjukeheimar, når den tida kjeme. Det har vel heller gått i retning av dobbeltrom og det som verre er. Kanskje skulle ein gå inn for 6mannsrom, slik det var då eg var i militæret. No blir de fleste av oss såpass stive at det ikkje er så lett å komme opp i overkøyene. Men kanskje det finnes løfteutstyr som tar seg av den biffen. Så gjeld det ikkje å ramle utav igjen..høge karmar og ein halv viagra til oss mannfolka ordner vel opp i det.

Kanskje det skulle vore valgt ein romsjef, slik det var i militærbrakkene. Eg var ein slik sjef og fekk ein flotte tittel som visekorporal..Den tittelen vart plukka vekk pga ein tjuvperm til Tromsø. Eg vart degradert av eit asshole av ein fenrik..Trygve Bor.. , ein gammal landslagspelar frå Skjeid, som passa inn i offisersrolla som hand i hanske..

Men altså..ein romsjef for de eldre var vel ikkje dumt, ein slags sjefssenior. Så kunne de hatt oppstilling ute kver morning, der sjefsenioren kunne freks melde: «2 mann stiller, 3 mann sengeliggande og ein i avgong i natt , 6 mann alle» til sjefsjukepleiaren (kapteinen).

Slik kunne de spart masse pleiere , de gamle hadde stort sett klart seg sjølv.Og de kunne flytta ned frå overkøyene etter kvart som den naturlege avgongen var der. Og kver og ein ville  fått eit godt gammaldags garderopeskap til eigne ting. Dei måtte jo rydde i skapa sine og ha tellekanter på klesplagga sine viss det kom ein politiker på inspeksjon… Politikere må ein behandla fint elles havner ein på 12 mannsrom.

Eg veit det kan vera nesten farlig å komma med slike forslag som dette. Politikerane , om det er frå Ap, Høgre eller Frp, ja til og med dei kristelige av oss…gripe lett slike spare ideear, så ikkje fortel om dette forslaget til noken

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.