Blogg

Sjølv om det var kommunevalet for vel ett år sia , og det var endringar i styresettet til kommunane , så har det vel ikkje vore noko betring i spørsmålet om å la våre eldre få einmannsrom på alders og sjukeheimar, når den tida kjeme. Det har vel heller gått i retning av dobbeltrom og det som verre er. Kanskje skulle ein gå inn for 6mannsrom, slik det var då eg var i militæret. No blir de fleste av oss såpass stive at det ikkje er så lett å komme opp i overkøyene. Men kanskje det finnes løfteutstyr som tar seg av den biffen. Så gjeld det ikkje å ramle utav igjen..høge karmar og ein halv viagra til oss mannfolka ordner vel opp i det.

Kanskje det skulle vore valgt ein romsjef, slik det var i militærbrakkene. Eg var ein slik sjef og fekk ein flotte tittel som visekorporal..Den tittelen vart plukka vekk pga ein tjuvperm til Tromsø. Eg vart degradert av eit asshole av ein fenrik..Trygve Bor.. , ein gammal landslagspelar frå Skjeid, som passa inn i offisersrolla som hand i hanske..

Men altså..ein romsjef for de eldre var vel ikkje dumt, ein slags sjefssenior. Så kunne de hatt oppstilling ute kver morning, der sjefsenioren kunne freks melde: «2 mann stiller, 3 mann sengeliggande og ein i avgong i natt , 6 mann alle» til sjefsjukepleiaren (kapteinen).

Slik kunne de spart masse pleiere , de gamle hadde stort sett klart seg sjølv.Og de kunne flytta ned frå overkøyene etter kvart som den naturlege avgongen var der. Og kver og ein ville  fått eit godt gammaldags garderopeskap til eigne ting. Dei måtte jo rydde i skapa sine og ha tellekanter på klesplagga sine viss det kom ein politiker på inspeksjon… Politikere må ein behandla fint elles havner ein på 12 mannsrom.

Eg veit det kan vera nesten farlig å komma med slike forslag som dette. Politikerane , om det er frå Ap, Høgre eller Frp, ja til og med dei kristelige av oss…gripe lett slike spare ideear, så ikkje fortel om dette forslaget til noken

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.