Blogg

Interessant er det å følgje bulldosaren Leo Aikic på sin tur , med kamerafolk frå NRK på slep , rundt omkring i krigsherja område rundt om. Vi får bilder frå nedrasa, sundskotne bygningar , redde folk, små underernærte ungar, kalisnikovar, firhjulstrekkte toyotaer, støvskyer frå ørken, soldatar med solbriller og palesinaskjerf rundt hovudet, kvinner i svarte klede som hyler sin sorg om døde fedre, sønner , barn; aptiske  voldtatte ungjenter, flytande oppblåste lik rundt ein velta flyktningebåt. ein menneskesmuglar som bedyrar at han har berre midlar til mat til sin familie..Ei ubeskrivelig smørje av elendighet.  Leo ber om forståing.. vi gløtter opp litt frå FBskjermen, sportsendingane frå Austerrike der det er fint vær. Vi er ikkje flaue eingong, i alle fall ikkje her i huset. Vi berre gløttar på skjermen over nyinnkjøpt sofagruppe frå Ekornes som nesten bikker 50000 i innkjøp…Vi kan jo berre skifte kanal. Vi er jo i godt selskap , her i huset, med tusenvis av andre hustander rundt. Og med halvstalege selskap som heller vil på børs enn å å hjelpe 100%... Det som hender rundt om, er jo berre feilslått politikk som vi knapt kan gjera noke med.. Vi toer våre hender , betalar litt avlat, er faste bidragsyterar med noken lusne hundre for å halda ein eller tre på skulebenken, der nede kor Boko Haram styrer. Vi veit det også handler om skjeiv fordeling her i verda..men vi gjer stort sett faen..nesten alle, men ikkje slike typar som Leo då.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.