Naturparker er det jo greitt å ha. Her skal ein visa varsem og ikkje gjera for mykje før det er ulovleg. Det er jo helst på fastlandet vi har desse og her er det varig vern øve ein låge sko. Til sjøs er det vel
berre eit fåtall, men det er heldigvis verneområde på holmer og skjær også. Romsaøyane og Taraldsøy i vårt nærområde. Av større parker har vi jo Oslofjorden. Her er det korkje lakseoppdrett
eller skjemmande vindkraftverk. Her sprett sjøauren inne i vikane og villaksen fossar oppover fjorden på veg til ma. Drammen- og Akerselva..
I det siste vil mange at vi skal oppretta ennå ein nye sjønasjonalpark oppe i nord.
I alle fall skal det ikkje prøveboras eller ha noke slags utstyr som minner om oljeriggar nær Lofoten og Vestrålen. Som østlenningane , reiser dei lokale seg der oppe og forlanger fredning i sitt nærområde. At fiskebåter
med Røkkekvotar og Fredriksenfinansierte oppdrettsannlegg skal få driva på som før , ser ut til å vera både rett og rimelig.
No har jo Lofoværingar og Vestrålingar tillikes som Østlenningane
nytt godt av olja som vestlenningar/trønderar/nordlenningar har brakt til torgs. For dei siste har jo sjølvsagt fordelt rikdommar som ma kommt frå Mongstad og Kårstø med resten av landet. Og når no plutselig oljeindustrien
ikkje er god nok lenger for dei «etablerte» så er det jo berre rett og rimelig at svære oljeriggar i opplag fyller opp tronge vestlandsfjordar. Vi har jo berre søppeliknade tilstander likevel, fjordane er jo fulle av forureniande
oppdrettsannlegg.
Og det å retta ut ei hjelpande hand til arbeisledige oljearbeiderar om å oppretthalda ei moderate leite/utvinningstakt..nei sjå det, det er i alle fall langt nede på politiske handleplaner.