Stort sett så fixer eg sjølv ting som oppstår med hus, bil, båt og slik . Men det dukkar jo opp ting som sjølsagt er ein experts jobb eller at ein rett og slett ikkje gidder å gå laus det. Då er det
godt å ha verksted som Etne Bilservice med Jostein i spissen, til å ta seg av skruinga. De har jo service i namnet..og det lever de opp til. For eks. då de fekk feil bremseskiver til Toyotaen som var inne, og som var lovet reparert ferdig
på fredagen, køyrte de 6*2 mil til Haugesund for å få tak i de rette skivene, slik at bilen vart klar til helga Det står det respekt av at de bryr seg slik om sine kunder…og de har i alle fall fått ein faste brukar..
I den andre enden av det å utøva service ..var då eg fekk trøbbel med det eine båtgearet mitt. Kortversjonen her er..etter litt trøbbel for å få det delt fra motoren (trange motorrom, etc ) så at
det vart sendt inn til importøverkstaden for Twin Disc gir, Progress ingeniørfirma som ligg i Lillestrøm . De vurderte det at det var eit lager som måtte skiftes og at arbeidet her ville komme på 35K . Synes dette var i overkant
pris, men sa ok då det var eit kjent verkstad som skulle fikse gearet. For som eg tenkte , kem kan vere meir kapabel til å få orden på gearet. Neste dag kom det kontrabeskjed om at gearhuset hadde fått seg ein knekk under oppspenning
og at de ikkje ville gå vidare med reparasjonen. Men..de kunne jo skaffe eit nytt gir frå Hellas til den nette sum av 48K pluss moms. De syntes eg var for dyrt og ba de sende gearet tilbake. Gearet kom , i deler i ein haug oppi ein kasse utan noke
form for beskyttelse i form av bobleplast eller liknande. . Synes at firmaet bør ta på seg ansvaret for at gearhuset sprakk under oppspenning i reparasjonsbenken , og har sendt mail til dem om dette. Progress gidder ikkje eingong å
svare på mail frå meg..
Har aldri vore i ein slik situasjon , så eg har spurt andre båtfolk (på sosiale medier) om råd. Ein storm av hendvendelser viser at 99% meiner at Progress bør ta ansvaret og bør
erstatte gearhuset. Det meiner også mitt forsikringselskap Nemi som har yt god service med å ta kontakt med Progress for meg. Prinsippiellt kan det jo også for andre å få fastlått at det er greitt eller ikkje at eit repareande
seriøst firma kan ødelegga og deretter berre riste på skuldrene og legge utgifter over på kunden. Så kommer til å sende saken over til Forbruker rådet . Kanskje det har vore saker som dette som er prøvd i
rettsaler også . Det blir litt spennande framover.
Så i den siste mnd er det to verksteder eg har hatt med å gjera. Vårt lokale Etne Bilservice som yter førsteklasses service og store Progress som yter , etter mitt
og ein 60-70 båtfolk meining, elendig service.