Blogg

Slik som eg ser det så går det ein gjeng med sjølplagerar i korridorane på Stortinget. For om vi er eit av dei største oljeproduserande land i verdsdelen så SKAL vi slett ikkje gje oss lov til å bruke denne ressursjen  fritt. Det vert for lettvindt. For når det vert iblanda allslags oljer og fankenskap i drivstoffet nedover i verdsdelen..så  SKAL  sjølsagt vi her på berget blanda inn ennå meir oljer og fankenskap. Då får det bæra eller brista om vi legge resten av regnskogen flate.

Og gass…gass er ein uting og  sjølplagerane bestemmer seg for å legga ned gasskraftverk som vi har ferdige og som det eigentlig berre var å skru på brytaren så var dei på nett. Men som sagt nei..det blir alt for lettvint også om alt er betalt for og er klart. Kineserane satsar på gasskraftverk dei no og legg ned kullkraftverka sine pga av høge forureining. Men det skal ikkje henda her..for det er for lettvint.

Og kraft, rein og fin vannkraft..nei sjå det, det blir for lettvint.  Då heller å legga tjukke svære kablar ned til kontinentet for å bli kvitt denne ressursjen til ein billig penge. Nei ..vi må jo snu dette også og ikkje ha det for godt prismessig. Då mykje heller å kjøpa dyre kol eller atomkraft attende. For vondt skal vi ha det.

Av og til lure eg på om dei rikspolitiske sjølvplagerane skulle hatt avgrensa makt til berre å kunne bestemma over ts kloakksystemet under Stortingsbygningen. Så kunne dei hatt avlufting i frå denne midt oppe i salen..slik at vond lukt hadde strøyma opp og hatt det vondt når det var avstemmningar og slikt.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.