Blogg

Du skulle vel ikkje lagt her Lars Ove, i alle fall ikkje ennå. Sjølv om du vel ligg der du skal ligga, ved sida av Siren.  Over deg har du ein massevis av halvisna blomar og kransar. Her er det inskripsjonar med som minne lever og takk for alt. Det hadde vore fullt av folk i kirka høyrte eg. Vi , Inge som skulle ta ein operasjon og eg ,som var på veg nordover då den overasskande og triste beskjeden kom. Ein slik beskjed stort sett alltid det. Den kunne i ditt tilfelle godt venta noken år til. Men eg så den den siste helsinga frå Inge og meg låg nokså stakkarsleg inne i blomsterhaugen.

Men det er ikkje noke stakkarsleg med minne etter deg. Vi vaks opp i lag og delte mange fine opplevingar saman. Vi las  dei same bøkene, ofte reiseskildringar. I bygdebibiloteket kunne du vera sikker på at ditt og/eller mitt namn sto bak som lånerar av klassikerane og spenningsbøkene. Vi blanda blod og skulle segla verda rundt på eigen kjøl. Vi grov makk og drog til fjells med stang og dupp. Vi lånte færingen, den største , den med segl, av Oskar og for utover på fiske. Eingong vart vi overraska av notalaget medan vi låg attmed notveggen og huka brisling som vi heiv utafor veggen. Båten var halvfull av sei og lyr og  seglet låg der heilt blodig. Notalaget slepte oss lagt utover fjorden som straff. Men vi kom oss heim til slutt og selde fangsten til hotellet. Eller når vi skulle på dans i Sandeid og hadde inngått eit veddemål kem som kom seg først utpå golvet. Måtte hiva innpå for å klara det. Eller når vi annendag jul kravla oss oppover fjellet aust for Miljaseter for å skyta ein kongeørn som de hadde fortalt oss om kvelden før, på fest, hadde tatt lam. Vi, etter å ha svetta av oss gårsdagens fest, kom over lammedreparen nesten heilt opp på toppen. Eg sende av garde ei dobbeltskudd med mi belgiske triangle kaliber 16. Alt for fort og utan kontroll. «Hiv deg ned» ropte du og holdt på å lage midtskill på meg med gamle Kongsbergen.  Lammedreparen skreik stygt  då den segla ned imot Valdra sida. Vi hadde nok røska i fjøra på den med eit par hagl.

Elles så hadde du godt lag med damer, må innrømma at du var  ein flotte kar. Mang eingong då vi gjekk  ut ofte trekkte eg det lengsta stået, men like ofte var det du som gjorde det, eller kanskje båe to.

Heime i Tungesviko var det enkelt, men med ein god varme i husa. Rannveig var heilt suveren ,det var alltid middag på gang . Husker ennå kjøttkakene med løk, brune saus og kålstuing.  Makalause middager , fullt på høgde med mi eigen mor sine og skyhøgt over noke ein finn i dag, sjølv om resturantane har aldri så fancye namn. Oskar kom gjerna ut av sauahuset med eit smil og ein gode røffe kommentar.

Etterkvert vart du jo far også ..og fekk ein kjekke gut. Er jo blitt sportsfiskar han og. For jæklig å bli enkemann når du var 25 ..men du hadde gode ballast og mor di som fekk deg igjøno harde tider.

Diskuterte litt  med Jacken i går kveld og vi var enige om at du var litt av ein kverulant..men på den «gode» måten. Du skulle jo vore her mellom oss ennå og kverulert litt meir. Du og meg skulle jo tenkt ut litt meir korleis vi skal sparka lakeseoppdretterane i ballane.. Litt feigt å overlata all ballesparkinga til meg no.

Ikkje alle forunt å forlata denne verda med beste venen sin attmed seg. Eg høyrde han vakta og sørga over deg då dei fann deg.

Så vi skal samalst av og til , vi kompisane som er att. Vi skal ta oss ei øl og minnast deg… Og det er masse artige episodar å minnast. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.