Blogg

Har vi hatt det bra..eller?  Vi ..i min generasjon. Her oppe i steinrøysa har vi , i mi levetid , ikkje innvolvert oss i krigar, berre sendt ut krigerar når onkel Sam meinte vi måtte bidra ..i langtvekkistand. Vi har vakse opp midt i den  sosialdemokratiske Gerhardsen tida. Vi var langt i frå rike, foreldra våre bygde fornuftige hus, vi fekk eigne rom, nøkkelen låg under matto så vi fekk etter kvart vera ute litt lenger om kvelden. Musikken fann vi på BBC på ettermiddagen og Radio Lux på kvelden og natta. Vi huske då Cliff og Elvis  måtte vika plassen på hitlistene for gruppene frå Liverpool , Newcastle og Richmond. Vi husker kor vi var då Kennedyane og King vart skotne. På heimaplanen bytta vi ut trekkspelet med ein tolvstrengar og hammond. Då vi var skuleleie tok vi ein telefon til eit hyrekontor og kunne sjå verda eit år eller to. Vi drog på festivalar, jazzfestivalar og høyrde beebop. Men etter kvart fekk vi fekk endelig høyra «vår» musikk på festivalane.  Vi vaks opp med Vestly, Prøysen og Davik ..gjekk vidare til Børretzen og Erik By. Vi las klassikerane og fortsette med Mykle , Bjørneboe, Steinbeck, Letnz, Singer…Vi fekk jobbe det vi ville, vi kjøpte og køyrde Volvo ,Toyota og Mazda.   Vi spilte og spiller  i band…måtte berre ta ein pause mens vi oppdro ungar. Dei styrande var vel ikkje av dei verste..Røyseland , Leirfall og Gustavsen gjekk an. Vi fekk være med å streike, satt i streikekomitee..tapte med glans, men det er gløymd. Var kjekkt så lenge det sto på. Og det kom duffelkledde, i palestinaskjerf, vakre (når ein fekk vekk alt dei var innhylla i) som skulle «lære» oss å streike. Vi stemte nei to ganger til det Europeiske felleskapet. Men stanhaftige, og sjølrådige politikerar med sin EØS avtale..lurte oss inn bakvegen likevel.     Det økonomiske gjekk sakte oppover , i opplevde jo ekkofisk og utbygginga av andre store oljefelt, vi byggde oss hus, litt meir «ufornuftige» enn det foreldra våre gjorde, men måtte vera nøkterne mykje pga av at Husbanken passa på. Vi skilde oss og fann oss nye partnerar. Vi selde etter kvart slalomskia og fotballskoa for ikkje å knekka  bein.  Vi vart etter kvart eldre og vi har ..iallefall eg,   hatt det godt.

Synes at framtidige generasjonar må må slita meir. No er det uforutsigbare  politikerar som Trump, Erdogan Jong-un ol som råder grunnen. Onkel Sam bruker no , meir enn noken gong, andre land til å testa ut militæutstyret sitt.  Sikkerheten i  systemet for ikkje å utløysa «The big one» synes svekka. På heimebanen er det ma eit iskalde system som barnevernet og vårt rettsvesnet representere. Vanlege folk vert overkøyrde og inne i systemene sitt det mange maktmenneske som trekker i trådane og beriker seg. Ett merkeleg frama- og politikerhat breier om seg. Som hetsen imot islam når nesten lika stor høgder som antisemminismen gjorde i Tyskland på 30talet. Det er farlige krefter som er i samfunnet og det skal mykje til for å få tilbake den gode gamle..dra i saman ånda igjen. Men ein veit aldri.. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.