Eg trur at når ein blitt for gammal , trege og ein gir blaffen i utvida reiseradiusen sin, så er det ikkje stader med lava , sandstrender og palmer som ein trege på å ikkje ha fått med seg. Trur det
er at ein har gått glipp av Gallhøpiggen, ikkje ha rafta i Sjoa, svømt i oktoberkaldt vatn på Romsa eller den gongen ein glømte «verre enn minken» flua då ein endelig sto der , klar til å
kaste i det flotte utosen i eit blankt fjellvatnet. Altså ting og saker å oppleva ikkje så langt ifra oss.
Føriverda var det jo litt status å ha eit titall stempel i passet..Og det var jo ok å treffa folk frå
andre nasjonar og utvida sin horisont den vegen.
Men no altså..bestille plass til Harstad på Hurtigruta. Tar med Volvoen som skal frakte deg via Hinnøya , Lofoten og Bodø på veg sørover igjen. Og alt ein har til
å bekymra seg over er at det er nok kroner på kontoen, varmeapparatet må virke, nok diesel på tanken, at solbriller , briller, reine klede, nettbrett, og tannbørste er med. Behøve ikkje stort når ein køyrer
igjøno storslagen natur sørover. Kanskje må ein ta med slukstanga for å prøve torsken ved eit eller anna fergeleie. Får heller gje vekk fisken for kokeapparat er ikkje med på denne turen. Får sjekke inn på
hotell som har god frokost på menyen og prøve kjøttkakene på vegkroene. Keine sorgen… Berre håpe på eit fint aprilvær.
Reknar med å råde grunnen eller vegen aleine..vi og Polske og
Latviske vogntog. Slepper vel tyske bobilar på denne tida av året..
Keine sorgen….