Valet nærmar seg og ein stakkar må prøva så godt ein kan med å skummelesa seg opp litt. Og ein ting får ein jo med seg at viss det kjeme nye regjeringar med Jens eller Erna med roret så vert forsvaret vårt
byggd ned til å likna eit steinkastande Palestina som (vil )kjempa i mot ein ev fiende med ultramoderne våpen. Flytting av velfungerand våpenanlegg og nedlegging av HV vil setta oss attende til ei tid der stein var greitt å forsvara
seg med. Vi kan jo oppretta steindepo av handterlege kastestein på forskjellige stadar til å forsvara oss med. Ein stad som er aktuell her i nærleiken er under minneplata om dei som mista livet i trefningar med tyskerane i april 1940 og som
står på Fikse. Eller kanskje Erna tek mål av seg til å møta til eks fientlege panser med utstrekte armar og store ro som studenten på den himmelske freds plass gjorde. Nå har jo Erna pondus..men om det rekk
til å stansa panser, det….
Nei..valet? Står det mjødlo sofaen og Trygve?..Så går eg for han siste.