Blogg

Jammen ringde det på døra i dag, då eg og støvsugaren var midt i den ukentlege seansen. Vakthunden Dolly hylte og eg var nødt til å slå av sugaren og gå for å åpna.

Utafor stod det ein yngre kar som var ute etter penger . Han hadde med seg  eit skriv med store  understrekingar og i katastrofeskrift. Heile slekta var visstnok sjuke, dei unge lei av leukemi og dei eldre hadde tub og det som verre var.

Eg sa, på ikkje heilt feilfritt engelsk, til han, at eg ikkje var heilt på topp sjølv heller, så eg lurte på om han kunne heller dela litt med meg også viss naboane hadde vore i det spandable hjørna.

Det ville han ikkje, men vi skilde lag i ein venskapeleg tone og gjekk kvar til vårt.  Han gjekk ned bakken og sette seg inn i ein nyare varebil med rare skilt. Eg gjekk inn att til elektroluxen..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.