Mutteren hadde fyllt hundre i dag.
Det er lenge sia ho lærte meg alle sangane ho kunne, eg kunne vel ha vore ca 3.
Lenge sia ho var nede å reiste meg opp i skibakken då eg låg trynte ned i snøen, eg kunne
vel ha vore 3,5.
Og ho kjøpte Donald til meg for eg ville læra meg å lesa, eg var 4.
Ho passa på meg då eg tok mandlene då er var 5.
Ho arrangerte bursdag for meg og alle ungane i nabolaget, sjølsagt
med ei bøtte med heimelaga is, då eg var 6.
Dressa meg opp til skulestart, då eg var 7.
Ho gjorde mykje rart og praktiske ting for meg oppover livet, som å smøra store nistepakkar til sultne Rock,n Rollerar då
vi var pengelense etter spelejobbar då vi var rundt 18.
Og hadde alltid ferdigsmurte skiver og ett glas mjølk på nattbordet då vi kom frå fest ..ut på natta.
Som kom med ein handlepose full i mat då
eg var nygift og det var lite med penger.
Ho , sjefsprutaren, var alltid god å ha med når eg skulle forhandla med bilforhandlerar. Då vart det alltid vinterdekk og matter attpå handelen.
Ho var ein ræser i alle slags
spill..og banka oss , med smil om munnen i kinasjakk og mattis.
Fjellgeit og fiskar var ho også..hadde mykje fine fisk på samvittigheten. Når ho hala fisk opp i båten, kunne vi sjå på beinstillinga kor stor den var.
Ho var smart , veltalande som ein trønder er. Snill, lett leva saman med for fattern og oss andre.
Ho var mykje , men ho hadde også tid til å vera fagforeningsleiar for 200 i konfeksjonsindustrien i Trondheim på slutten
av 50talet. Og ho jobba nesten helsa av seg i Resturant og hotell næringa på 60talet. Tok etterutdanning å enda opp som aldersheimsbetyrar i sine siste 10år i jobbsamanhang.
Godt likt var ho også.
Slike minner
dette ned i hovudet på deg, på ein slike dag , når mor di ville fyllt hundre.