Blogg

Eg hater eigenleg å gje Sylvi Listhaug rett…men eg må medgje at ho har eit poeng når ho tar opp dette at flyktningar drar attende til sitt gamle heimland på ferie. 

Mange skriv jo at flyktningar har rett til å dra attende når eit eller anna traumatisk har hendt i familien osv og at dei også må vera i sin fulle rett til å ta ferie i sitt gamle heimland. Greitt det..men då har dei vel neppe i utgangspunktet vore den heilt store fare for at dei hadde blitt kasta i fengsel for sine sympati ev. gjerningar i dette gamle heimlande, elles så hadde dei nok ikkje tatt sjansen til ein retur i ny og ne..

Sett litt på spissen så hadde nok ikkje ein jøde dratt attende til ferie med paraplydrinkar og parasollar på den tyske østersjøkysten i 39 , viss dei hadde klart å komma seg ut i 36 frå galskapet i Nazityskland.

Då vil eg heller kalla det for dårleg handtverk til dei norske immigrasjonsmyndighetane at dei ikkje klare å skilja hvete frå klinten og slepp «flyktningar» gjennom nålauga inn i kongeriket.

Klart det er mange som tar  ein «kvite ein» for å få eit betre liv. Det gjorde nok Ola Dunk  i si tid også då han sto i kø på Ellis island og venta på å sleppa inn i det forgjettede land.

Så far so good Listhaug, men du måtte jo dra dette lengre. Så langt at Norge skal bli ein angivarstat. Ein angivarstat på lik lina med Øst Tyskland anno 1950-80  talet. Då kunne du gladelig anngi grannen din t. eks etter ein fuktig kveld/natt der det var spilt Rolling Stones el anna etter x antal snaps. Då kunne du resikere å hamna inn i den Østyske versjonen av Bastillen, og få deg nokre mnd der.

Listhaug vil jo «renska» ut dei som har tatt ein «kvit ein» og vil bruka alle middel til det sjølv om skapar eit angivarsamfunn. Akkurat det synes eg er nesten verre enn å ta ein «kvite ein».

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.