Blogg

Trump har nok ikkje vore i Vietnam og slåss side ved side med andre amerikanske dessillusjonerte soldater. Kanskje var han for ung, eller for rik. Vietnam krigen kom ut av kontroll og vart trappa opp og opp. President Johnsen held skjult for det amerikanske folket at dei gjekk meir og meir inn i krigen. Han hadde overtatt etter Kennedy som i si tid hadde godkjent bruk av napalm og spreing av gift via fly for å ødelegga avlingane dei sør og nord . Medan Amerikanerane vakna og starta og demonstrera i mot denne vannvittige krigføring, teppebomba B-52 Hanoi og tusenvis av unge vietnamesiske så vel som amerikanske liv, gjekk tapt.

Vi kan alle gå inn på NRK og få med oss dokumentaren som går i mange delar ,om Vietnamkrigen.

Det lukter same engasjementet no når Trump raslar med sablane for å gje Nord Korea ein «lærepeng».  Eit land som er på 4djeplass i verda over å ha mest ståande styrkar, over 1 million soldatar.

Viss sunn fornuft rår slik at  atomvåpen ikkje vært brukt , men at konvensjonelle styrkar vert sendt inn , vert det ingen walk in the park for Marines og andre.

For Amerikanerane synes det som dei til einkver tid må vera innvolverte i krig. Med tragediar som hurricanes, tornadoer, flom, og også kyrkeskytigar , politibrutalitet imot farga  innomlands der også 65000 tusen døyr i overdosar kvert år. Og som ikkje dette er nok så må dei også ut å spreie tragediar rundt om i verda. Og her kjeme Trump inn, ein god mann for krigsindustrien.

Og klart, når det er to på toppen som burde gått siste året i barnehagen omatt ein 10-15 gonger, for der er nivået, så er det duka for galskap.

Uff nei..ikkje til å tenka på eingong..

 

Er ikkje til å skjøna at vaksne kan utsetta ungar for øvegrep. Slike tanketome idiotar må ha gått glipp av opplæring i normale folkeskikk og dei kan ikkje ha peiling på kor grensene går. Lurer på om eg har vakse opp med slike eller jobba saman med typane. Noken av de nøyer seg med å tafse på det motsette og eige kjønn som i alle fall er vaksne , utan at  det er noke særlig betre. Her vert begrepet tafsing sett i ljos som ei øvegrep frå kanskje ein fysisk sterkare øvegripar til mennesker som slett ikkje likar å verta tafsa på.  Er vel ikkje meir å sei om slike menneske enn at dei bør få seg ein skikkelig smekk og at dei verste kanskje får kjenna det på sin eigen medisin i statens varetekt.

Det er jo eit blytungt tema dette så vi får vel løysa opp litt.. Huskar meg sjølv som 16-17 åring , så gjekk vi litt andre vegar. Då var det noke eldre av det andre kjønn som var dei mest sexige. Var det ei på rundt 40 som smilte til deg så  kom kaldsvetten fram og du hadde nok ønska litt meir nærkontakt. Men herregud vi trivdes jo heilt greitt med jenter som var på same alder også. Om vi tafsa kan eg ikkje erindra, men klart vi prøvde oss med meir og mindre vekslande hell. Det var vel normalen vel? Vi var vel greitt snille med einannan både jenter og gutar og øvegriperar var vi vel ikkje?

For ikkje så lenge sia låg eg i ein tannlegestol medan ei tannteknikar på min eige alder herja med meg med med å pusse opp gamle synder. Igjøno snørr og blod, vatn og borestøv spurte eg forsiktig om eg hadde vore jævlig med ho da vi var unge og om dette var einslags hevn? Men eg hadde vore snill som ungdom sa ho.Vart sjølsagt letta øve desse orda  og eg kom meg heldigvis heilskinna igjøno all pussinga også.

Så viss ei 40 åring no hadde prøvd seg ..hadde eg vel ikkje hatt særlig trua på det. Einaste som får tafse på meg no er Solf.  I alle fall på freddan.

Betre opning på søndagsmorningen enn ein kopp kaffi og på P1 er det «Crazy» med stjernelaget amerikanerane Nelson, Kroll og engelskmannen Costello, kan vel ikkje toppast.

Og det dette ner i hovudet på deg tankar om just Amerika ,dette kontroversielle landet. Tenk å ha slike musikerar som Nelson, Kroll, Petty, Simon, Zappa, Miles, Henrix, Joplin, Satchmo, Ellington, Johnson…lista er uendeleg lang, men som på eit heilt anna plan driva ein slik slags verdspoliti politikk, her med litle terrieren Norge som ein god støttespelar.. Eit Amerika som har kua sine sine naboland, utarma regnskogane i sør og valsa øve sine eigne indianerar så vel som indianerane i sør.

Eit merkelig land som har produsert Harley Davidsen, Chevy 57, Empery state building. Eit land som har blødd i to verdskrigar og berga oss her på det gamle kontigentet frå crazy ,stormannsgalne Tyskerar.

Eit land med gode forfattere som Steinbeck og Twain, flinke vitenskapsfolk, gode universitet. Men som klarer å velga inn ein president som i beste fall  nesten må betegnast som tilbakeståande.

Nei det er nesten ikkje til å tru.  Det er søndag og vi får vel riste det av oss skru opp radioen for no kjeme «The night they drew old dixie down.» med The Band. Men The Band er vel frå Canada …eit land som nok er litt meir laydback i utanrikspolitikken

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane la seg på ei arrogante lina då dei ville kalla det nye fylke Vestlandet. Sjølsagt så reiste Sunnmøringar og Rogalenningane bust, dei er vel Vestlenningar så godt som noken.

 Og kor et eigentleg grensa i nord, sør og aust.  Austante er det lett…i alle fall når du kjeme på 134aen frå hovudstaden, med det same du kjeme ut av Haukelitunellen og vindusviskaren startar å gå…då er du på Vestlandet. Same når ein kjeme frå Vågå og må setta bilen i eit bremsande gir for nedoverbakkane i mot Stryn …så Vola .. Vestlandet.

Kjeme du duvande nordover i ein 5-20kn og stikke innom Egersund for å fylla diesel så får du den gode vestlandskjensla sjølv om Jærkysten er aldri så kjedelige å segla langs..

Nordgrensa går vel med sørkanten  av Hustadvika ved Bud..her er eg slett  ikkje sikker. Men då er i alle fall Sunnmørsfjordane med innlaupet til Geiranger  passert på veg nord.

Og så namnet…Vestlandet?...Kan vi dela opp og gje frå oss Nord Vestlandet til Sunnmøringane og SørVestlandet for dei sør for Fikse?  Tviler på om dei vert nøgde med det.

Det vert nok kamp om namnet , kanskje ein skal høyra på Arne å kalla det Wild West…

Vi, som i si tid ikkje jobba med prosjekt, men hadde faste jobb, slik at vi kunne ta hatten av, gå i banken for å spørra etter huslån. Eit lån som har hatt ei varierande rente..har vore oppe i 17% i slutten av 80talet, til behagelige 2% dei siste åra.  Vi har i beste sosialdemokratiske and gjort rett for oss, betalt vår rente og skatt. Men dei siste åra har dei styrande åpna opp for at kommunane til å gje oss eigedomskatt . Ein skatt som no for vår del, har passert 10000 pr år. Med kommunale avgifter er det å eige eit hus på veg opp i mot 40000 pr år berre i skatt og avgifter. Vi var jo spente då om den nye regjeringa ville redusera på eigedomskatten i statsbudsjettet. Og det gjorde dei..men det var for bygningar og eigedom som verk og bruk eig. Ikkje til å tru…Vi kan jo berre gjetta ka det vil bety for til eks Tysvær kommune viss ikkje det skal betalast eigedomskatt for Kårstøannlegga. Eit storannlegg som legg beslag på svære landområde for byggmasse og røyrgater i kommunen . Eit annlegg som genererer milliard inntekter attende til A/S Norge .

Og ka med kraftkommunar som Vestlandet er fullt opp av. Ja ka  med dei?  Når storsamfunna har vore med å rasert både fossar og strupt inn på frie rennande vannvegar ..så skal det no heller ikkje kompenserast med at det vert betalt skatt attende for tort og svie? .. Vert det i framtida eit system, som storkapitalen styrer , eit slags frivillig tilbakebetalig til kommunane?. Tenker på 10 mill som Etne kommune no fekk i avlat frå oppdrettsnæringa, via fiskeridep. Då ligg det vel til rette for eit system styrt med fullt legalisert korrupsjon, om det så er frå verk eller bruk.

Og kom for all del ikkje her å sei at dette er AP sin feil..Og om det er slik, for det er alltid ein eller annan som slår det i bordet, så har sittande regjering hatt god tid til ein snuoperasjon.

Men , for å slå det fast, den sittande regjeringa legg ikkje til rette for ei betre økonomisk framtid for den vanlege mann og kvinne  , i alle fall ikkje ute i bygdenorge.  Viss det i det heile var noken som trudde det då dei krølla stemmesetelen ned i valurna i haust.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.