Blogg

Heile livet , privat, på fest, på tur, i arbeid har vi jo kryssa klinger med både vårt eige og det andre kjønn. Heldigvis har vi hatt med ein ballast frå barn og ungdomstida innprenta av foreldre og føresette, om uskrevne lover i det å oppføra seg sånn nokenlunde bra. Ikkje trø på noken , behandle kolleger med likeverd. Klart det har vore situasjonar som kunne tvinga fram både det eine og det andre..men eit nei er og blir eit nei.

Opplevde til sjøs at ein svær jævel av ein kokk prøvde seg. Ba han dra til hælvete. Han sparka sund all møblement på lugaren i fylla. Men skjønte såpass at om han var fysisk øvelegen så hadde eg kunne fått 4 -5 av mannskapet med meg og vi hadde sikkert skada han skikkelig. Seinare fekk vite at han hadde forgrepet seg på byssegutten. Det var heilt forjævlig . Dette var akkurat då båten vart seld og vi skulle mønstre av . Eg veit det vart gitt beskjed til stuert og kaptein. Han fekk nok ikkje noke straff ,men eg håper at han vart sett på svartelista for all framtid. Eit skikkelig svin.

Trur at byssegutten ikkje ga beskjed om overgrepet før det var gått lang tid pga av at han var flau .

Byssegutten var ein trivelig nordnorskgut på min eigen alder. Han og meg var i Red light distriktet , de r han fekk sin første tatoovering, eit kjempestort norsk flagg. Husker at det væska og var vondt i 14dagar. Husker at eg var sjeleglad som ikkje lot meg overtale til å verta rispa i.

Har ikkje tenkt på dette på årevis, men no når både det med tafsing og øvegrep ovenfor det andre kjønn via «Me too» kjeme opp så datt det ned i hovudet mitt igjen. Har ikkje truffe byssegutten igjen men håper han klarte å komme øve dette jævelskapet. Sikkert mange som er i hans bås  og eg er sjeleglad eg ikkje vart ein av dei..

Elles så har det ikkje vært fleire situasjonar i mitt liv i som eg kan komme på. Kanskje på grunn av at det i dei arbeidsmiljøene som eg vanka i var slike ting uhørt og at viss noken gjekk over streken ville konsekvensene blitt knallharde.

Når det er sagt, så har tonen oss i mellom ofte vore tøff. Knallharde vitser og mellommenneskelig godmodig mobbing har svirra i lufta. Ein har gitt og måtte tatt imot ..med eit smil. Det kan være ein hårfine balansegong, så visst ein ikkje kunne hantere den, fekk ein eit velmeint hold kjeft.

Såg lista over amerikanske kjendiser som vart «sett til veggs». Den var lang og overraskende. Eit namn som ma Dustin Hoffman var på den. Skuffande.

Som vanleg er når ting tar av så er vel ikkje alt god fisk. Men det er ille nok. Kor går så grensa? Eg vil i alle fall ikkje finne det ut. Men når eg tenker på byssegutten får eg nesten vondt.

Eg er redde for Oslofjorden nå. Oslofjorden som er den einaste «grønne» fjorden igjen. Her sprette sjøauren i viker og rundt nes. Sjøaure som stort sett er utdaua her i dei vestnorske fjordane..  Denne fjorden er rein og fin og utan oppdrettsanlegg.  Politikerans steller jo godt med nærområdet sitt, inntil no. For no har de «Grønne» politikerane i hovudstaden værkeleg gjort ein skikkelig tabbe. I sin iver til å holde oss ikkje sponsa bileigerar unna byen har dei mala ein masse prikkar i gatene.  Og dei har ikkje berre bruk ein 2-3, 3liters spann..nei det har gått med maling for 750000. Altså mange mange paller . Og på toppen av det heile er det feil type maling .Den slites av og forsvinn ned i rennesteinen og sluker. Og klart at all denne malinga etterkvert finn vegen ut i Oslofjorden.  Kva så mykje maling kan gjera med økosystemet i ein fjord er litt uvisst men sikkert nok er det dårleg nytt.

No påstår MPG at det har minka med parkerte bilar i dei gatene der det er malt prikkar , så dei har oppnådd hensikten med all malinga. Ikkje rart det trur nå eg, folk er jo redde for å få tilgrisa bilane sine med å køyra i maling som smitter av.

Artig tiltak vil vel kanskje noken også sei?  Eller kanskje ikkje fullt så artig når ein ser på prisen.

Kanskje det skulle vore oppdretta eigne bydelar i hovedstaden med eige MP

G styre , utan noken form for innblanding,   Her kunne lydlause Teslaer og Golfer  snirkla seg rundt og  trendye mennesker som jogga og sykla travle rund. Det måtte vore eit krav for innbyggerane at alle måtte ha konvertert frå å køyre rundt med  framkomstmiddel som hadde gått på diesel og bensin til å tatt i mot frelse frå elektriske kostruktørar.  Porten inn til dette himmelrike måtte blitt strengt bevokta. Utafor porten må det vere gratis parkeringsplasser slik at  politikere som Rasmus Hansen kan parkera Landcruiseren sin.

 

Må vera kjipt å vera 17 år, væra oktoberbarn, bu på Trandum og kvi seg som ein hund til 18årsdagen. For då kjeme onkel politi og kjøyrer deg med «marjå» ut til Gardemoen. Då er det attende til hardare tider, Taliban, IS, små gutar og jenter med spikerbelter, lite eller ikkje arbeid, brunflekkede Humwi med vaiende antenner og yanks som sjåførar, desillusjonerte familiemedlemmer med 30-40 års krig på baken. Ikkje særlig triveleg framtid.

Husker då eg var 17. Skulelei, men med jobb som dekksgut på 18000tonns tankbåt. Vaska , malte og rocka oss nedover og oppover den engelske og nederlandske kyst, Framtida var flotta damer i Røykjavik ,hærlig storstorm sør for Grønland, radiokanalar fulle av Beachboys, Beatles , Otis Redding nær Bahamas og steelband i Mexicogulfen. Visste at når vi kom heim igjen etter eit års tid kunne vi søka oss inn på skular eller jobba vidare.  Framtida vår kunne vel ikkje vera meir motsatt av det som ventar oktoberbarna.

Verden er jævlig urettferdig og lille Norge gjere vel som best dei kan. Tar ein toget nordover eller kjøyrer bil i våres langstrakte, så tenker ein at det må jo vera plass til ein masse flyktningar til å busette seg. Men verda er ikkje slik lenger. Flyktningane er ikkje som einslags Isak Sellanrå som rydda og streva for å få seg noken mål jord til å så i . Og det skulle vel berre mangla det då kanskje . Då våre gamle onklar og tanter drog «over there» for å få seg eit godt liv kunne dei ikkje rekna med all verdas hjelp.

Flyktningane er jo sosiale individ som ikkje vil bu i svarte skogen, men heller vil bu der folk er. Det hadde nok dei fleste av oss gjort.  Om vi er eit rikt land klarer vi ikkje å hjelpa alle, men vi har internasjonale forpliktelser som må haldast. Dermed må og skal vi ta imot flyktningar ,dei som har eit beskyttelsebehov. Vi veit at det er mange gratispassasjerer der ute, som dei som sender ungane sine attende for å gå på koreanskular. Mange drar på ferieturar attende til gamlelandet. Dei seier seg sjølv at dette er folk som har gått inn bakvegen og bløffa seg inn i landet. Desse og kriminelle aktørar bør få sine ev. statsborgarskap nøye vurdert igjen. Familiegjenforening må også gå meir nøye igjennom. Då bør desse ev gå på kvoten for flyktningar.

Sjølv er vel blitt hardare i kanten i desse sakene. Listhaug har mange fans , men eg er ikkje riktig der ennå. Men Listhaug kallar ein spade for ein spade og kan i visse samanhengar ver verd å lytta til. Og vi treng å ta vare på våre eigne også. Det har vore ein markerte auke i fattigdom mjødlo våre eigne berre frå 2011 og til no .

Nabobygding, og nye på Stortinget, Terje Halleland (Frp)skriv ivrig i lesarinnlegg om at no skal eigedomskatten til pers..Og (som vanleg) angrip Frp dette frå feil side. Dei vil avskaffa eigedomskatt på verk og bruk. Er det arroganse eller uvitande tankegong som ligg bak? Har dei sett seg inn kva dette vil sei for kraftkommunar, industrikommunar rundt omkring i vårt langstrekte..Då vert i alle fall distriktsnorge ennå meir utarma og det vil gå utøve våres livskvalitet.

Frp må gjerna gå i kast med eigedomskatten, men ikkje starta med dette. Vi, som bur i Etne har fått tredd denne skatten nedover hovuda på oss dei siste åra. Og frå 6000 for noken få år sia er den for vår del vakse til over 10000 no. Vener som bur på gardsbruk fortel at dei må betala eigedomskatt for  eldgamle bygningar som står til nedfalls og det ikkje har budd folk i på 50år. Men skatt skal det betalast , rettferdig eller ikkje.

Kunne Frp brukt innsida på hovudet for eingongs skuld og starta korstoget sitt der med å avskaffa denne skatten ,så skulle me høyrt på dei.

På Eidsvoll deltok i desse dagar  150ordførerar frå heile landet i eit opprop imot å fjerna eigedomskatten på verk og bruk.

Dei store nasjonale og internasjonale aktørane som har nytt godt av billige fallrettar på bygdene , temmd fossar og laga svære damannlegg ,bygd ut elverk . Dei har byggd ut industri, ilandføringsannlegg , tent gode pengar i 100 år og vel som det. No skal altså den skatten som dei sjølklart må betalast attende til bygdesamfunna for tort og svi, verta vridd til å betalast til Staten isdandenfor til dei som burde hatt den, til kommunane. For skatt må dei nok betala..om det heiter eigedomskatt eller noko anna.

Så Frp..at dokker tør? Men dessverre dukker det heile tida opp hol og dårlige gjennomtenkte saker på andre hald som i flyktninepolitikken ol. Så dokker held dokker vel flytande på øve 10% oppslutnad . For bygdenorge sin del kunne  oppslutninga dokker vore langt under streken, når dokker kjeme med slike innspel.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.