Alle har vi vel vore i arbeid. Vi har jobba aleina , men mest i team på dei forskjellige arbeidsplassar. Vi har hengt med, gjort så godt vi har kunna og ikkje hatt særfordeler.. Vi har jobba på/med like vilkår, hatt matpausar
ilag små kjappe røykepausar ilag og ingen av oss har hatt særordningar. Inntil no, no er ei gruppe som kjeme eller har allereide gjort sitt inntog på norske arbeidsplassar. Det er arbeidstakerar som vil ha eigne bønnerom, fritak
i ein hektisk arbeidsdag om å kunne utøva bønn i arbeidstida, sjølv om dette går utover kollegaer . Dei skal også taes hensyn til i ein fastesituasjon. Om eg har segla med internasjonalt mannskap på båtar
og jobba med folk som er innvandrerar så har eg sjølv aldri opplevd at det har vore sett fram krav korkje til arbeidsgivar eller oss andre kollegaer at vi skulle gje rom til slike sysler. Ikkje har vi lagt oss borti kva dei gjere på fritida
og ikkje har dei som etter kvart har blitt gode arbeidkollegaer «plaga» oss med dette i arbeidsituasjonar. No har jo eg blitt pensjonist men eg held meg oppdatert kva som går føre seg i arbeidslivet her oppe i steinrøysa.
Ei som jobber i barnehage kunne fortella meg om utrivelege situasjonar der nyankomne , med islam som ballast forlanga at dei skulle kunne be så og så mange gonger i ein arbeidsdag. Då måtte dei ha ro , helst eige bønnerom
og dei ungane dei hadde ansvaret for ,var skyva øve til , frå før hardt arbeidane kollegaer. Under Ramadan kunne dei væra så sultne og utmatta at dei heller ikkje fekk gjort jobben sin skikkelig og det gjekk sjølsagt
utøve sine kollegaer. Her er det vel noke som heiter HMS og sikkerheta til ungan vart vel heller ikkje ivareteke av trøytte barnehagemedarbeiderar.
Å tillate dette er vel dårleg integreringspolitikk for det er vel ingen
som jobbar i team som ynskjer seg som kollegaer som kan stikka seg vekk i tide og utide. Vi må jo i ein arbeid situasjon, dra lasset saman og ikkje ha blindpassasjerar som kan stikka seg vekk fordi dei «ha lov til det». Om dei vil utøva
eit aktivt religiøst liv så må dette gå føre seg på deira eige fritid.
Ein annan kamerat fortel om ein ung somalier som har fått ein god sjangse til å få seg ein god jobb på ein av dei store
bedriftene i Hardanger. Ein positive formann har tatt han under sine venger og hjelpt læregutten han for å få han til å verta klar til eit hektisk arbeidsliv på ein moderne bedrift. Det skal visa seg å ikkje
vera så lett. Lærlingen stikker av i arbeidstida inn til kommunesentret for å kunne delta i aktivitetar som immanen i trusamfunnet dreiv med. Fredagane kom ikkje læregutten på jobb i det heile..då var det den store bededagen.
Det vert fortalt om ein annan ung somalier som gjekk stikk motsett veg og viste arbeidslyst og arbeidsglede saman med sine kolleger på ein av bedriftane der inne. Han var til å stola på og glei flott inn i arbeidsmiljøet. Dette
gjekk jo utøve tida for å utøva religionen og fall ikkje i god jord hjå sine eigne og immanen deira. Han fekk opplyst frå sine eigne at dei ikkje var komne til Norge for å jobbe , de skulle få til livets
opphald av den norske stat slik at dei slapp ein slik uting. «Thats it». Den unge Somalieren brydde seg ikkje om dette presset frå sine eigne, han hadde oppdaga og hadde kommt inn i eit flott arbeidsmiljø og ville fortsetta der.
Ein dag fann han sin bilen punktert med alle dekka skore opp med kniv.
Nå skal det til forsvar for andre folkegrupper med islam tilhørighet seiast at dette som er beskreve ovanfor ikkje er noko apsolutt krav for alle. Til dømes
syrerar glir lett inn i det norske arbeidslivet når dei får sjangsen.
Vi skal sjølsagt ta vel imot våre hardt prøva nye landsmenn og gje dei ein god sjangse til å verta integrert. Men våre motkrav må
vera at dei skal leva etter våre lover og reglar også i arbeidslivet . Religion kan dei utøva heime og i fritida..ikkje i arbeidstida. Vi kan ikkje la «snillismen « ta øvehand. I kommunar oa må «dei som
har noke med det«, visa respekt også for sine andre etablerte medabeiderar med å la dei «nye» kolleger jobbe under dei same vilkår å for all del ikkje gje særordningar.