Blogg

Betre opning på søndagsmorningen enn ein kopp kaffi og på P1 er det «Crazy» med stjernelaget amerikanerane Nelson, Kroll og engelskmannen Costello, kan vel ikkje toppast.

Og det dette ner i hovudet på deg tankar om just Amerika ,dette kontroversielle landet. Tenk å ha slike musikerar som Nelson, Kroll, Petty, Simon, Zappa, Miles, Henrix, Joplin, Satchmo, Ellington, Johnson…lista er uendeleg lang, men som på eit heilt anna plan driva ein slik slags verdspoliti politikk, her med litle terrieren Norge som ein god støttespelar.. Eit Amerika som har kua sine sine naboland, utarma regnskogane i sør og valsa øve sine eigne indianerar så vel som indianerane i sør.

Eit merkelig land som har produsert Harley Davidsen, Chevy 57, Empery state building. Eit land som har blødd i to verdskrigar og berga oss her på det gamle kontigentet frå crazy ,stormannsgalne Tyskerar.

Eit land med gode forfattere som Steinbeck og Twain, flinke vitenskapsfolk, gode universitet. Men som klarer å velga inn ein president som i beste fall  nesten må betegnast som tilbakeståande.

Nei det er nesten ikkje til å tru.  Det er søndag og vi får vel riste det av oss skru opp radioen for no kjeme «The night they drew old dixie down.» med The Band. Men The Band er vel frå Canada …eit land som nok er litt meir laydback i utanrikspolitikken

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.