Blogg

Vi, som i si tid ikkje jobba med prosjekt, men hadde faste jobb, slik at vi kunne ta hatten av, gå i banken for å spørra etter huslån. Eit lån som har hatt ei varierande rente..har vore oppe i 17% i slutten av 80talet, til behagelige 2% dei siste åra.  Vi har i beste sosialdemokratiske and gjort rett for oss, betalt vår rente og skatt. Men dei siste åra har dei styrande åpna opp for at kommunane til å gje oss eigedomskatt . Ein skatt som no for vår del, har passert 10000 pr år. Med kommunale avgifter er det å eige eit hus på veg opp i mot 40000 pr år berre i skatt og avgifter. Vi var jo spente då om den nye regjeringa ville redusera på eigedomskatten i statsbudsjettet. Og det gjorde dei..men det var for bygningar og eigedom som verk og bruk eig. Ikkje til å tru…Vi kan jo berre gjetta ka det vil bety for til eks Tysvær kommune viss ikkje det skal betalast eigedomskatt for Kårstøannlegga. Eit storannlegg som legg beslag på svære landområde for byggmasse og røyrgater i kommunen . Eit annlegg som genererer milliard inntekter attende til A/S Norge .

Og ka med kraftkommunar som Vestlandet er fullt opp av. Ja ka  med dei?  Når storsamfunna har vore med å rasert både fossar og strupt inn på frie rennande vannvegar ..så skal det no heller ikkje kompenserast med at det vert betalt skatt attende for tort og svie? .. Vert det i framtida eit system, som storkapitalen styrer , eit slags frivillig tilbakebetalig til kommunane?. Tenker på 10 mill som Etne kommune no fekk i avlat frå oppdrettsnæringa, via fiskeridep. Då ligg det vel til rette for eit system styrt med fullt legalisert korrupsjon, om det så er frå verk eller bruk.

Og kom for all del ikkje her å sei at dette er AP sin feil..Og om det er slik, for det er alltid ein eller annan som slår det i bordet, så har sittande regjering hatt god tid til ein snuoperasjon.

Men , for å slå det fast, den sittande regjeringa legg ikkje til rette for ei betre økonomisk framtid for den vanlege mann og kvinne  , i alle fall ikkje ute i bygdenorge.  Viss det i det heile var noken som trudde det då dei krølla stemmesetelen ned i valurna i haust.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.