Blogg

Er ikkje til å skjøna at vaksne kan utsetta ungar for øvegrep. Slike tanketome idiotar må ha gått glipp av opplæring i normale folkeskikk og dei kan ikkje ha peiling på kor grensene går. Lurer på om eg har vakse opp med slike eller jobba saman med typane. Noken av de nøyer seg med å tafse på det motsette og eige kjønn som i alle fall er vaksne , utan at  det er noke særlig betre. Her vert begrepet tafsing sett i ljos som ei øvegrep frå kanskje ein fysisk sterkare øvegripar til mennesker som slett ikkje likar å verta tafsa på.  Er vel ikkje meir å sei om slike menneske enn at dei bør få seg ein skikkelig smekk og at dei verste kanskje får kjenna det på sin eigen medisin i statens varetekt.

Det er jo eit blytungt tema dette så vi får vel løysa opp litt.. Huskar meg sjølv som 16-17 åring , så gjekk vi litt andre vegar. Då var det noke eldre av det andre kjønn som var dei mest sexige. Var det ei på rundt 40 som smilte til deg så  kom kaldsvetten fram og du hadde nok ønska litt meir nærkontakt. Men herregud vi trivdes jo heilt greitt med jenter som var på same alder også. Om vi tafsa kan eg ikkje erindra, men klart vi prøvde oss med meir og mindre vekslande hell. Det var vel normalen vel? Vi var vel greitt snille med einannan både jenter og gutar og øvegriperar var vi vel ikkje?

For ikkje så lenge sia låg eg i ein tannlegestol medan ei tannteknikar på min eige alder herja med meg med med å pusse opp gamle synder. Igjøno snørr og blod, vatn og borestøv spurte eg forsiktig om eg hadde vore jævlig med ho da vi var unge og om dette var einslags hevn? Men eg hadde vore snill som ungdom sa ho.Vart sjølsagt letta øve desse orda  og eg kom meg heldigvis heilskinna igjøno all pussinga også.

Så viss ei 40 åring no hadde prøvd seg ..hadde eg vel ikkje hatt særlig trua på det. Einaste som får tafse på meg no er Solf.  I alle fall på freddan.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.