Blogg

Nabobygding, og nye på Stortinget, Terje Halleland (Frp)skriv ivrig i lesarinnlegg om at no skal eigedomskatten til pers..Og (som vanleg) angrip Frp dette frå feil side. Dei vil avskaffa eigedomskatt på verk og bruk. Er det arroganse eller uvitande tankegong som ligg bak? Har dei sett seg inn kva dette vil sei for kraftkommunar, industrikommunar rundt omkring i vårt langstrekte..Då vert i alle fall distriktsnorge ennå meir utarma og det vil gå utøve våres livskvalitet.

Frp må gjerna gå i kast med eigedomskatten, men ikkje starta med dette. Vi, som bur i Etne har fått tredd denne skatten nedover hovuda på oss dei siste åra. Og frå 6000 for noken få år sia er den for vår del vakse til over 10000 no. Vener som bur på gardsbruk fortel at dei må betala eigedomskatt for  eldgamle bygningar som står til nedfalls og det ikkje har budd folk i på 50år. Men skatt skal det betalast , rettferdig eller ikkje.

Kunne Frp brukt innsida på hovudet for eingongs skuld og starta korstoget sitt der med å avskaffa denne skatten ,så skulle me høyrt på dei.

På Eidsvoll deltok i desse dagar  150ordførerar frå heile landet i eit opprop imot å fjerna eigedomskatten på verk og bruk.

Dei store nasjonale og internasjonale aktørane som har nytt godt av billige fallrettar på bygdene , temmd fossar og laga svære damannlegg ,bygd ut elverk . Dei har byggd ut industri, ilandføringsannlegg , tent gode pengar i 100 år og vel som det. No skal altså den skatten som dei sjølklart må betalast attende til bygdesamfunna for tort og svi, verta vridd til å betalast til Staten isdandenfor til dei som burde hatt den, til kommunane. For skatt må dei nok betala..om det heiter eigedomskatt eller noko anna.

Så Frp..at dokker tør? Men dessverre dukker det heile tida opp hol og dårlige gjennomtenkte saker på andre hald som i flyktninepolitikken ol. Så dokker held dokker vel flytande på øve 10% oppslutnad . For bygdenorge sin del kunne  oppslutninga dokker vore langt under streken, når dokker kjeme med slike innspel.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.