Blogg

Må vera kjipt å vera 17 år, væra oktoberbarn, bu på Trandum og kvi seg som ein hund til 18årsdagen. For då kjeme onkel politi og kjøyrer deg med «marjå» ut til Gardemoen. Då er det attende til hardare tider, Taliban, IS, små gutar og jenter med spikerbelter, lite eller ikkje arbeid, brunflekkede Humwi med vaiende antenner og yanks som sjåførar, desillusjonerte familiemedlemmer med 30-40 års krig på baken. Ikkje særlig triveleg framtid.

Husker då eg var 17. Skulelei, men med jobb som dekksgut på 18000tonns tankbåt. Vaska , malte og rocka oss nedover og oppover den engelske og nederlandske kyst, Framtida var flotta damer i Røykjavik ,hærlig storstorm sør for Grønland, radiokanalar fulle av Beachboys, Beatles , Otis Redding nær Bahamas og steelband i Mexicogulfen. Visste at når vi kom heim igjen etter eit års tid kunne vi søka oss inn på skular eller jobba vidare.  Framtida vår kunne vel ikkje vera meir motsatt av det som ventar oktoberbarna.

Verden er jævlig urettferdig og lille Norge gjere vel som best dei kan. Tar ein toget nordover eller kjøyrer bil i våres langstrakte, så tenker ein at det må jo vera plass til ein masse flyktningar til å busette seg. Men verda er ikkje slik lenger. Flyktningane er ikkje som einslags Isak Sellanrå som rydda og streva for å få seg noken mål jord til å så i . Og det skulle vel berre mangla det då kanskje . Då våre gamle onklar og tanter drog «over there» for å få seg eit godt liv kunne dei ikkje rekna med all verdas hjelp.

Flyktningane er jo sosiale individ som ikkje vil bu i svarte skogen, men heller vil bu der folk er. Det hadde nok dei fleste av oss gjort.  Om vi er eit rikt land klarer vi ikkje å hjelpa alle, men vi har internasjonale forpliktelser som må haldast. Dermed må og skal vi ta imot flyktningar ,dei som har eit beskyttelsebehov. Vi veit at det er mange gratispassasjerer der ute, som dei som sender ungane sine attende for å gå på koreanskular. Mange drar på ferieturar attende til gamlelandet. Dei seier seg sjølv at dette er folk som har gått inn bakvegen og bløffa seg inn i landet. Desse og kriminelle aktørar bør få sine ev. statsborgarskap nøye vurdert igjen. Familiegjenforening må også gå meir nøye igjennom. Då bør desse ev gå på kvoten for flyktningar.

Sjølv er vel blitt hardare i kanten i desse sakene. Listhaug har mange fans , men eg er ikkje riktig der ennå. Men Listhaug kallar ein spade for ein spade og kan i visse samanhengar ver verd å lytta til. Og vi treng å ta vare på våre eigne også. Det har vore ein markerte auke i fattigdom mjødlo våre eigne berre frå 2011 og til no .

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.