Blogg

Noken meiner at vi er nok innbyggere her oppe i dette  vesle landet i nord. Andre synes at vi bør verta fleire. Og når du  veit at 1million av oss er pensjonistar så kan ein nok ønska seg det. Vi må jo få komande slekter til å ta vare på oss pensjonistar.. Vi pensjonistar som berre fordrive tida med å dra til syden, sitte på benk utafor Samvirkelaget, passer barnebarn..ja noken av oss spele pinadø rock og blues også…Men altså ,vi må legga til rette for at   ungdommane kan finna kvarandre, komma seg inn på bustadmarkedet  for at jentene kan ta seg råd til å føda fleire barn?

Okay,  jobber jentene i stat og kommune, eller i beste fall , er betalte politikerar så er det jo heilt greit, då syr staten oppimot ein million oppunder armane på dei for ein fødsel. Men har du ennå ikkje kommt deg inn i desse trygge områder i arbeidslivet, du slite kanskje med ei dørstokkmil for å i det heile tatt å få deg ein deltidsstilling…ja då kan du rekna med rundt 40000 i støtte frå moder Stat…For om du ikkje visste det ifrå før..politikerane tar godt vare på sine. Nå veit du i alle fall det.

Men . og nå har eg den Bergenske teiknaren Audun Hetland i tankane. Hetland som under trussel om at  Trondheim var i ferd med å gå forbi Bergen som kongerikets nest største by, teikna ei forside på Bergens Tiende med klar beskjed til Bergens innbyggerar om at: «Bergensere legg dokker saman og gjer noke»..

Så her er budskapet klart: «Norsk ungdom, legg dokker isaman å gjer noke».  Ta vare på oss stakkars pensjonistar . Og dokker politikerar må gjera dette mogelegt med å vera rause når jentene tar barselpermisjonar.

No er det rett før styringsrenta må gå  opp , iallehøve til sommaren ,seier ein sjefsanalytiker i Nordea. Sjefen øve alle sjefar i det offenlege pengeNorge Øystein Olsen sa for ikkje så lenge sidan at ein renteauke ikkje var planlagt i den nære framtida, det kunne ta år. Men dette er ikkje nok for offensive bankfolk på det øvste nivået. For no var ledigheta redusert litt og til og med oljeprisen hadde gått litt opp. Då var det dags for å ta tak. Renta må opp. Og går styringsrenta opp 0,5% så går iallefall bankenes rente opp både 1 og 1,5 %, for penger skal det tenas.

Og så Nordea då, sende de ikkje  fleire hundre (600 (?)medarbeiderar ut i det ytterste NAV mørket nå nylig?

Er det folk igjen i bankane , untatt dei på toppane då, noken få rådgjeverar og feite bankstyrer? Det er vel datamaskinene og vi no som har overtatt dei vanlege banktenestene. Bankane skummer stort sett fløyten, eller tar eg feil (som vanlig )vil vel noken sei..

Jo eg kan forstå om du vert såra og vonbroten Hagen.  Ingen vil jo ha deg . Og så du som kom attende frå syden etter langtidsferie. Vi høyrde jo litt ifrå deg , derifrå også, Hagen. Var vel snakk om noke pensjonsgreier, trur eg. Men det var litt for få journalistar og tilhøyrerar der nede , så du tok returfly heim. Prøvde å spela korta rett , aksla seg i posisjon att. Hengte seg på som danseløve. Vel kanskje ikkje heilt vegen å gå..

Men det var denna komiteejobben då, som vinka slik der framme. Så freistande ,så freistande. Det hadde vore noko, å ri inn i den politiske solnedgongen. Men ingen ville jo ha deg. Pariet ville , men dei ville jo berre ha deg ut av vegen. Slik som dei gjorde med Per Sandberg. Ga han eit departement som det ikkje var «så farlig med». Eit departement som er styrt av rikingar og baronar likevel.

Men den norske nobelkomiteen var vel i utgongspunktet var vel ikkje så dumt?  Mange lause politiske kanonar har tatt sete i den komiteen. Som avgåtte statsministrar frå Ap. For kriteriane i den komiteen er å finna kandidatar som ingen har høyrt om. Det glattar ut valet av amerikanske (helst nyvalde) presidentar og utanriksministrar.  Elles så er det israelske toppfolk som har slått ihel (bomba) flest  palestinerar. Flotte kandidatar. Men det bør gå ein 8-10 år i mjødlo før ein tar ut ein frå dette toppsjiktet .

Og det er ikkje berr Ap som ikkje vil ha deg Hagen. Fleirtalet i Stortinget vil ikkje ha deg. Det er nesten ikkje til å halda ut, for ein som har vore sjefsutraren i kongeriket dei siste 40-50 år.

Eit godt velmeinande råd Hagen:  Reis ned att til syden. Der kan du jo sitja som ein konge i Torrevieva eller på kanten av dei Andalusiske slettene . Ein konge som vi nordmenn kan få audiense til . Ein konge som vil høyra på problemene våre, om NAV, pensjonspoeng ja alt som har med ev norske skuggesider å gjera. Kanskje kjeme eg  innom eg og.

For å dekke spenningsbehovet sitt ein vanleg førjulshelg, er det greit å finne ein god krim på tven, eller å setta på statskanalen for vintersportsendingane. Gjerne med Bjørgen og Klæbo i hovudrollane. Johaug og Northug er ikkje med ennå. Håper sistnemde snar er fit for fight, Johaug veit vi er det ,når etterkvart ho kjeme svolten attende.

Vi må kanskje byrja med å tenka taktisk for å tenka på framtidige skigenerasjonar. Tenka  litt ukonvensjonellt å kanskje til og med  litt frekt, for å kunne slå svenskar og russerar i framtida. Eg tenkte på å lage eit par av Johaug og Klæbo. Ikkje heilt sikkert at desse to er så einige i ein slike vri, men noke må dei ofra for gamle Norge.

Vi kan jo gje dei ei direktørstilling og topp gasje..såpass bør gamlelandet spe på med. Og direktørtittlar sitte laust, i alle fall i Bergen kommune.

At Northug ikkje får delta i Finland denne helga har vore vekas store nyhende. Det vert diskutert, fram og attende, om kvifor, kvifor ikkje.  Store avisoppslag..kvifor, kvifor ikkje. All anna nyhende er lagt på hylla til kvile. SSB, Listhaug , kongens sjukehusbesøk , er veid og funne for lett. Ja til og med dei tre musketerane i framstegspartiet..Sandberg ( hoffnarren til oppdrettsadelen),  Hagen ( han som mislukkast gong etter gong for å bli tatt inn i Nobelvarmen) og Halleland (lokal helt som dessverre vart vald inn på tinget, og no no fører an i korstoget i mot distrikskommunane sin økonomi, ja det er av våre eigne vi skal ha det).

Alle desse sikre korta for framsidene til VG og Dagbladet pluss tvskjermane har måtte vika, no når Northug med sitt hoff ikkje får vera med i dei finske skogane.

Men fortvil ikkje , om berre ei veke er Northug attende, på Lillehammer,  med heile sitt hoff, mor og far , eit par brødre, pokerkameratar, trenerar, smørerar, ein to tre pressetalsmenn og nye bulkefri luxusAudi. Han er klare til å ta knekken på Kalle Halvarsson og andre svenskar og det norske trenarteamet..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.