Blogg

Heile livet , privat, på fest, på tur, i arbeid har vi jo kryssa klinger med både vårt eige og det andre kjønn. Heldigvis har vi hatt med ein ballast frå barn og ungdomstida innprenta av foreldre og føresette, om uskrevne lover i det å oppføra seg sånn nokenlunde bra. Ikkje trø på noken , behandle kolleger med likeverd. Klart det har vore situasjonar som kunne tvinga fram både det eine og det andre..men eit nei er og blir eit nei.

Opplevde til sjøs at ein svær jævel av ein kokk prøvde seg. Ba han dra til hælvete. Han sparka sund all møblement på lugaren i fylla. Men skjønte såpass at om han var fysisk øvelegen så hadde eg kunne fått 4 -5 av mannskapet med meg og vi hadde sikkert skada han skikkelig. Seinare fekk vite at han hadde forgrepet seg på byssegutten. Det var heilt forjævlig . Dette var akkurat då båten vart seld og vi skulle mønstre av . Eg veit det vart gitt beskjed til stuert og kaptein. Han fekk nok ikkje noke straff ,men eg håper at han vart sett på svartelista for all framtid. Eit skikkelig svin.

Trur at byssegutten ikkje ga beskjed om overgrepet før det var gått lang tid pga av at han var flau .

Byssegutten var ein trivelig nordnorskgut på min eigen alder. Han og meg var i Red light distriktet , de r han fekk sin første tatoovering, eit kjempestort norsk flagg. Husker at det væska og var vondt i 14dagar. Husker at eg var sjeleglad som ikkje lot meg overtale til å verta rispa i.

Har ikkje tenkt på dette på årevis, men no når både det med tafsing og øvegrep ovenfor det andre kjønn via «Me too» kjeme opp så datt det ned i hovudet mitt igjen. Har ikkje truffe byssegutten igjen men håper han klarte å komme øve dette jævelskapet. Sikkert mange som er i hans bås  og eg er sjeleglad eg ikkje vart ein av dei..

Elles så har det ikkje vært fleire situasjonar i mitt liv i som eg kan komme på. Kanskje på grunn av at det i dei arbeidsmiljøene som eg vanka i var slike ting uhørt og at viss noken gjekk over streken ville konsekvensene blitt knallharde.

Når det er sagt, så har tonen oss i mellom ofte vore tøff. Knallharde vitser og mellommenneskelig godmodig mobbing har svirra i lufta. Ein har gitt og måtte tatt imot ..med eit smil. Det kan være ein hårfine balansegong, så visst ein ikkje kunne hantere den, fekk ein eit velmeint hold kjeft.

Såg lista over amerikanske kjendiser som vart «sett til veggs». Den var lang og overraskende. Eit namn som ma Dustin Hoffman var på den. Skuffande.

Som vanleg er når ting tar av så er vel ikkje alt god fisk. Men det er ille nok. Kor går så grensa? Eg vil i alle fall ikkje finne det ut. Men når eg tenker på byssegutten får eg nesten vondt.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.