Noken meiner at vi er nok innbyggere her oppe i dette vesle landet i nord. Andre synes at vi bør verta fleire. Og når du veit at 1million av oss er pensjonistar så kan ein nok ønska seg det. Vi må jo få
komande slekter til å ta vare på oss pensjonistar.. Vi pensjonistar som berre fordrive tida med å dra til syden, sitte på benk utafor Samvirkelaget, passer barnebarn..ja noken av oss spele pinadø rock og blues også…Men
altså ,vi må legga til rette for at ungdommane kan finna kvarandre, komma seg inn på bustadmarkedet for at jentene kan ta seg råd til å føda fleire barn?
Okay, jobber jentene i stat og kommune,
eller i beste fall , er betalte politikerar så er det jo heilt greit, då syr staten oppimot ein million oppunder armane på dei for ein fødsel. Men har du ennå ikkje kommt deg inn i desse trygge områder i arbeidslivet, du
slite kanskje med ei dørstokkmil for å i det heile tatt å få deg ein deltidsstilling…ja då kan du rekna med rundt 40000 i støtte frå moder Stat…For om du ikkje visste det ifrå før..politikerane
tar godt vare på sine. Nå veit du i alle fall det.
Men . og nå har eg den Bergenske teiknaren Audun Hetland i tankane. Hetland som under trussel om at Trondheim var i ferd med å gå forbi Bergen som kongerikets nest
største by, teikna ei forside på Bergens Tiende med klar beskjed til Bergens innbyggerar om at: «Bergensere legg dokker saman og gjer noke»..
Så her er budskapet klart: «Norsk ungdom, legg dokker isaman å gjer
noke». Ta vare på oss stakkars pensjonistar . Og dokker politikerar må gjera dette mogelegt med å vera rause når jentene tar barselpermisjonar.