Som det virkar no så er det mange som gjerne hadde gått inn for at vi mannfolk skulle ha starta dagen med å innta ein pille (Trond og Davy burde kanskje hatt to) . Ei pille som hadde lagt ein solide dempar på alt som hadde med
sexfixsering å gjera. Ei pille som hadde lagt alt, også det som bør eller er dekka av bukser, i ro. Om ein ikkje klarer å huska å ta denne pilla så ofte så må ein i alle fall ta den viss ein skal delta
på eit politisk seminar, årsmøte eller liknande. Her er den heilt nødvendig. På slike møter og tilstelningar er jo visst testosteron og sexpress nivået visstnok skyhøgt. i gangane på TV2 huset
i Bergen likeså.
Og vi får heila tida høyre at politikerar i toppskiktet, og sportsjournalistar, mannlege sjølsagt, er å rekna som ein gjennomsnitts rockmusikar , i alle fall dei som regjerte på 60 og 70 talet.
Dei var visstnok fæle. Dagens rockmusikerar reine pusekattar mot desse. Slutta å røyka har de, både hasj og tobakk og all den stygge sexen er lagt på hylla. Trener gjere dei også.
Toppolitikerane før
i tida ,som t eks. Clinton og Kennedy, dei levde jo opp til standarden på dens tids rockmusikerar. Smekken var vel nesten like mykje nede som den var oppe.
Ikkje så enkelt å vera mannlege toppolitikere i dag og halda den standarden
.
Men vi har jo ein masse kvinnelege politikerar også, og heilt kjønnslause er vel ikkje desse heller.
No er det litt vanskelig kanskje å førestilla seg Erna og Gro som ei Mama Cass og Joni Mitchell..eller kanskje ikkje?
Med litt fantasi kunne ein kanskje tenka seg at til eks desse to kunne kalla sine mannlege medarbeidere inn på (under) (senge)teppet? Nei den tanken er vel for dryge ..eller?
Nei då er det mykje greiere å å «ta»
slike som er litt i utkantane, Trøndelag og Bergen, mannlege også, det er jo berre tidsriktig.. Ingen sak det når ein får heile Oslobenken til AP med på det. Dei greier nok opp og får kasta ut rette vedkommede , sjølv
om denne same benken vel er skuld i dårleg valresultat og frie fall på meiningsmålingane.