Blogg

Jo eg kan forstå om du vert såra og vonbroten Hagen.  Ingen vil jo ha deg . Og så du som kom attende frå syden etter langtidsferie. Vi høyrde jo litt ifrå deg , derifrå også, Hagen. Var vel snakk om noke pensjonsgreier, trur eg. Men det var litt for få journalistar og tilhøyrerar der nede , så du tok returfly heim. Prøvde å spela korta rett , aksla seg i posisjon att. Hengte seg på som danseløve. Vel kanskje ikkje heilt vegen å gå..

Men det var denna komiteejobben då, som vinka slik der framme. Så freistande ,så freistande. Det hadde vore noko, å ri inn i den politiske solnedgongen. Men ingen ville jo ha deg. Pariet ville , men dei ville jo berre ha deg ut av vegen. Slik som dei gjorde med Per Sandberg. Ga han eit departement som det ikkje var «så farlig med». Eit departement som er styrt av rikingar og baronar likevel.

Men den norske nobelkomiteen var vel i utgongspunktet var vel ikkje så dumt?  Mange lause politiske kanonar har tatt sete i den komiteen. Som avgåtte statsministrar frå Ap. For kriteriane i den komiteen er å finna kandidatar som ingen har høyrt om. Det glattar ut valet av amerikanske (helst nyvalde) presidentar og utanriksministrar.  Elles så er det israelske toppfolk som har slått ihel (bomba) flest  palestinerar. Flotte kandidatar. Men det bør gå ein 8-10 år i mjødlo før ein tar ut ein frå dette toppsjiktet .

Og det er ikkje berr Ap som ikkje vil ha deg Hagen. Fleirtalet i Stortinget vil ikkje ha deg. Det er nesten ikkje til å halda ut, for ein som har vore sjefsutraren i kongeriket dei siste 40-50 år.

Eit godt velmeinande råd Hagen:  Reis ned att til syden. Der kan du jo sitja som ein konge i Torrevieva eller på kanten av dei Andalusiske slettene . Ein konge som vi nordmenn kan få audiense til . Ein konge som vil høyra på problemene våre, om NAV, pensjonspoeng ja alt som har med ev norske skuggesider å gjera. Kanskje kjeme eg  innom eg og.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.