Blogg

At Northug ikkje får delta i Finland denne helga har vore vekas store nyhende. Det vert diskutert, fram og attende, om kvifor, kvifor ikkje.  Store avisoppslag..kvifor, kvifor ikkje. All anna nyhende er lagt på hylla til kvile. SSB, Listhaug , kongens sjukehusbesøk , er veid og funne for lett. Ja til og med dei tre musketerane i framstegspartiet..Sandberg ( hoffnarren til oppdrettsadelen),  Hagen ( han som mislukkast gong etter gong for å bli tatt inn i Nobelvarmen) og Halleland (lokal helt som dessverre vart vald inn på tinget, og no no fører an i korstoget i mot distrikskommunane sin økonomi, ja det er av våre eigne vi skal ha det).

Alle desse sikre korta for framsidene til VG og Dagbladet pluss tvskjermane har måtte vika, no når Northug med sitt hoff ikkje får vera med i dei finske skogane.

Men fortvil ikkje , om berre ei veke er Northug attende, på Lillehammer,  med heile sitt hoff, mor og far , eit par brødre, pokerkameratar, trenerar, smørerar, ein to tre pressetalsmenn og nye bulkefri luxusAudi. Han er klare til å ta knekken på Kalle Halvarsson og andre svenskar og det norske trenarteamet..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.