Blogg

Trur me skulle ha laga ei gruppa der me kan diskutera kva nytte eller unytte våre folkevalde gjer på Stortinget (og elles også kanskje). Vi kan til dømes ta fram dei siste tidas tsunamibølge som har skulpa der i korridorane. I innlegg og motinnlegg i det uendelege om ei , for kongeriket,  må vera ei ørande lita sak . Ei ørlita sak, men som øveskugge store tunge saker som verkeleg skulle vore oppe på bordet..

Viss det eksistere, i Guinness rekordbok ,ein konkurrerande klasse som heiter : «Mest mogeleg rabalder om/for å  koma seg inn i ein komitee,» så burde Hagen ha vore ein soleklare kandidat til ein pris her.

Det har vel aldri i historia vore meir rabalder og brukt meir trykksverta og megabit  i ei slik sak.

Kan vi ikkje ta å samla inn pengar til ein høveleg bungalow langt, langt  sør, nede på solkysten , til dette menneske  og hans hårfagre fru. Dette måtte vore den ultimate julegåva til oss sjølv her oppe i steinrøysa. Då kunne julefreden verkeleg ha senka seg nedøve oss..

Litt på si av dette kan ein vel også sei at ein ikkje skal kunne arrestera eit menneske for ikkje å kunne dansa…Men som som Karl Magnus Sjøen i Tre Busserulls sa (stemmer ikkje det Sigmund, du som har spelt med han?): «Eg  kan jo ikkje dansa eg som har to venstrebein.»   Her nemner eg ikkje namn, me kan jo kjenna oss treffte noken kver.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.