Blogg

Har nesten ikkje fått med meg ei heile nyhendesending i det siste. Med det same APsjefen er innom på skjermen og messer at partiet har gode rutiner når varslerane har gjort jobben sin, då hive eg meg øver fjernstyraren og zappar til ein eller annan filmkanal. Så dermed kunne siste eukalyptus treet i California ha brunne ned, tsjunamibølgene ha rulla over Tailand eller Hekla hatt utbrot utan at eg hadde fått det med meg. Ikkje det at det hadde gjort den store forskjellen ..men likavel

Og på HBO ligg Vikingane ..ikkje den som er produsert på Karmøy med skodespelerar som snakkar vakkert riksmål med trendye dialogar…nei  den andre.  Den andre der dei snakkar engelsk om opptaka er tekne i vakre Vestlandsfjordar, i Irland/Skottland/England eller i Paris.  Og kanskje det var slik at våre forfedre var så bereiste at  dei heller snakka engelsk enn gamalnorsk/islandsk i dei forna dagane?

I alle fall ligg handlingane i Vikingane tett opptil norsk politikk i desse dagar. Her er det snakk om svik, dramatikk og hovudrulling. I Vikingane litt meir blodig..men likevel.

Det er også i Vikingane som i norsk politikk, mannfolk som er litt over gjønosnittet høge, har litt under gjønosnittet med hår og har mykje over gjønosnittet med spisse albogar og som alle trur dei er Gudane sin gåve til kvinnene. I Vikingane var dei naturleg nok ikkje så drevne med å senda SMS då. Men likavel.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.