Åpnar ein ei avis i desse tider så ser ein at dei fleste redaktørar tordnar og manar til rettferd i «meetoo» debatten. Og det vert skreve side opp og side ned om dette. I HA var dei første sidene i avisa i dag sett
av til dette deprimerande. Eg fall ikkje heilt til ro igjen før eg fekk lesa teikneseriane med Pondus i spissen. Då kom julekjensla og smilet på plass att…heilt til eg åpna KK som for sikkerheita skuld hadde hyra inn Vibeke
Løkkeberg som kom med tøffe historiar om både tidlegare arbeidsgjeverar og ektemann som hadde oppført seg som svin. ..Her kom eg ikkje nedpå igjen før eg hadde lest ein artikkel om Gert Nygårdshaug og eit lesarbrev
i avisa frå ei som heiter Mai. Mai var ikkje i Løkkebergs klasse og hadde nok heller ikkje traumatisk ting å slå i bordet med korkje om arbeidsgjeverar eller ektemenn. Ho tok kort og greitt for seg stoda til Trond Giske og skreiv:
«Eg har aldri stemt på AP og eg kjenner ikkje Trond Giske, men nå har han min fulle sympati. Eg har skjønt at han er ein dyktig politiker og dersom han hadde vært ein drittsekk så hadde eg merket det. Han har ikkje forgrepet
seg på noen , så vidt eg forstår. Uppassende oppførsel er hans synd.» sitat slutt.
Eg støtter det Mai skriv fullt ut. Det er på det næraste latterlig å fylla aviser og andre medier med «meetoo»i
veka etter veka. Vi har då andre problem både redaktørar og alle oss andre kan ta opp, kanskje vel så store store for landet som: At vi har ma eit sjukefråvær som kostar A/S Noreg 37milliarer kvert år.
Rart det der..har jo vore i arbeidslivet i 40 år. Ikkje har opplevd det som «meetoo» beskriv som noke svære greier. Men så har jo eg heller arbeid i filmbransjen som Løkkeberg beskriv som Sodoma og Gomorra . Og når
det gjeld fraværet så har eg heldigvis hatt god helse og gått på jobb om eg hosta meir enn tre gonger og/eller hadde vore på fest dagen før.