Blogg

 

Trivelig med alle julehelsningar som lyser imot ein frå den digitale verda. Det var trivelig før også når ein gjekk i postkassen og fann julekort med God Jul og Godt nyttår frå tante Olga . Ofte var dei korta som datt ned i postkassen mala av munn og fotmalande kunstnerar.. Vi kjøpte store brett med julekort av dei vi også ..og sendte rundt. Kor får alle munn og fotmalande kunstnerane inntekta si frå no`?  Har Siv utvida ein liten utgiftspost i statsbudsjettet til deira fordel? Håper det.

Når ein vaknar tidleg slik ein julekveldsmorning og Amadeusen står på P1 dab og den eine julesangen glattare enn den andre strøymer ut. Automatisk set ein opp si top 5 liste over julesangar. Mi liste er:         

Rotmos:  Vårres Jul.

Prøysen: Julkveldsvisa.

Sande:  Lyser i stille grender..her er det dei første 4 versa som gjeld. Sande godkjentte aldri det 5te.

Prøys: Det snør.

The Band:  Christmas must be to night.

Mange flotte elles også..og blir ein trøtt av de så kan ein jo spele Bye.. Han passer inn samma kor.

Ikkje blir det kvite jul her på vestkysten i år heller, men vi sto no av Birte , ikkje verst berre det. Her oppe på Knausen vart det ikkje større skader enn litt uorden i bosskassane, men det rista godt i kåken når det sto på.

Skulle spelt inn jula og Kroa ut, rett før jul , men det gjekk ikkje slik. Vi får ta det att  med jamme litt i romjula..Ellers er vi friske og raske både Solf. Marco og eg.

Snart lukter det pinnekjøtt i huset, Donald og Mikke er på skjermen og barn og barnebarn kjeme ramlande inn.. Så kan jula starta skikkelig og det er berre å håpa at det går som det skal med oss alle.. Beste ønsker!

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.