Blogg

Olja har gjeve oss eit sutalaust og godt liv til alle , her oppe i steinrøysa. Eller er det det slik? Vi har 8000milliardar på bok, kalla Statens pensjonsfond. Alle vert vi jo eldre og det er godt å vita at vi skal nyta godt av oljerikdomen også inn i støvets år. No veit vi også at gode gamle Statoil.....æh unnskyld Equinor kjeme til å sopa inn, pga av auka oljepris og slanking av selskapet (5000 i avgang dei siste åra), miliardar på milliardar framøve.

Med slike utsikter burde vi alle gått inn i framtida med åpent sinn og ikkje hatt pengeproblem med å sy livet våres saman, i det heile.

Men slik er det ikkje...fattigdommen er ikkje utrydda og mange av oss slit og har inntekter under denne oppleste og vedtatte fattigdomsgrensa. Og det er fanken ikkje enkelt for mange av oss som er aleineforeldre, trygdemotakere, minstepensjonistar og andre å få endane til å møtast. For mange er det å gå til tannlege uoverkommelig økonomisk. Yngre vil ikkje i framtida få støtte til tannregulering. Er foreldrene av sistnemnde grupper så kan de berre drømma om å få regulert tenner. På barneskulane kjeme ofte fattigdommen heime til syne. Ungane kan ikkje vera med på visse typar sport, for utstyret og krav står ikkje i høve ka heimen har råd til. Å vera med på skuleturar og dyrare samakomster kan dei også skyta ei kvite pil etter.

Vi som er avhengige av eit NAV anten som pensjonistar og eller er trygdemottakar veit og at det er ikkje er dans på roser. Kjøpekraft og ellers penger å rutte med er blitt meir og meir innskrenka. Pensjonane og trygdeutbetalingane har stangnert eller minka radikalt dei siste åra.

Eg synest det er slett politisk handverk at det er blitt slik. Berre dei siste åra etter at dei sjølværklera motstanderane av skatt og avgift har overtatt den politiske leiinga ,har eigedomskatt i vår kommune stege til over 10000 i året. Vi betaler denne , boss, feiar, vatn til kommunen med over 7000 i kvartalet. I vår kommune er det AP som sitt ved leiinga, og dei også er skamlause nok til å flå sine innbyggerar. Ein meget bratt betalings kurve frå berre nokre år sia. Etne er visstnok heilt på topp i landet i å kreva skatt og avgifter av sine innbyggerar. Berre nemner at pensjonen har i same tidsrom stått i ro.

Når vi , som ikkje har råd til dyre nye elektriske bilar ,skal utover til Haugesund så blinkar ljosa frå bompenge bommane så ein nesten vert blenda.

Naturligvis veit vi at det er utallige sugerør inn i ein statskasse som er vår. Sugerøyr som bør vera der og som kjeme alle oss tilgode. Men det er også mange sugerøyr som er der og som gjere alt for å suge kommunekassane tomme. Det skal jo privatiserast for ein kvar pris...alt vert så meget betre då seier Erna og gjengen hennar. Dermed så er det fritt fram for kommunane å leiga inn private som veit å skriva rekningar med gaffel. Det er konsulentar på den tekniske sida, konsulentar som tener grovt på barnevern..kosulentar for ditt og konsulentar for datt. Antall sjefar i ein kommune har jo heller ingen tendens til å minka.. Har det vore omstrukturering i rekkene er folk som ligg i sjefsregulativet rimelig konstant. Rådmenna tener vel nesten lika mykje som statsministeren. Joda det er dyrt å drifte ein kommune slik..og innbyggerane må blø..

Når det gjeld uhjelp har vi hatt ein merkelig tendens til å bevilge store summar til eventyrprosjekt i forskjellig fattige land. Om det har gått greit med dei prosjekta er ikkje så interessant...vi har jo betalt inn vårt avlat.

Vårt tilhøve til EU er jo meget godt. Kjeme det direktivt derifrå så står vi på tå hev og er dei første...og dei beste i klassen for å gjennomføra, sjølv om det er aldri så dumme og sjølvutslettande forslag som kjeme derifrå. No er vi også..ufattelig nok til å gje frå oss all styring av våre kraftverk til Acer. Forstå det dei som kan.

Og vi er også i ferd med å overlata forsvaret av landet til USA Marines...mens vi kjøper inn fly for ufattelig mange milliardar av samme nasjon.

Det er som ein har inntrykk av at dei som sitt i regjering her til lands, vera seg om det er borgelig eller om det er Ap...sit med eit dilemma om vi skal bli den 51staten til Uncle Sam eller om vi skal bli den nye Tyske delstaten.

Finnes det eit spiselig politisk parti her til lands som er villige til å satse på at vi skal styre og forsvare oss sjøl , og som vil sine landsmenn vel...økonomien bør vera heilt grei til det. Håper på eit slik parti slik at eg kan døyva politikerforakten min...

Må av og til å ein lesa ka som hender i musikkNorge no for tida. KK har jo eit musikkmagasin kver veka.. Det vert som regel og skumlesa litt..for stort sett så er namna på dei utøvande greske for meg og det ringer ingen bjeller når eg les om Frank Ocean , Alvays, Shopping, Artic Monkeys (joda dei har eg høyrt) , «enorme» namn som Kendrick Lamar...pluss..pluss.

Så for ein som kjeme frå ein bakgrunn (foreldre) som elska Prøysen og Jularbo. Som har logge i krig (med Buck Owens elskerar) på heimafestar for å kunne spela The Who og Stones.. Som har spelt i mange Band, med blues og 60-70talls rock på rep. Som her lært seg å lika «nye» band som Green Day og Foo fighters. Som liker mykje «gamalt» som salige Vreeswijk og ein to, tre , av Terje Nilsen.

Oppe på rommet sit husets 18åring og spelar Contry på iponen ....Rotlaus, Gunslingers etc.. Fruen sverge til Vinylkanalen på dabben.

Er det rart at ein godt vaksen mann har problemer når han les om eller spelar «nye trendige og toneangivane artistar»?

Av og til kjenner eg i heile meg at eg har vore knallheldige som har fått med 50-60-70 åras musikk som ballast.

Men  kanskje kan dagens ungdom mimra til Kendrick Lamar om ein 30-40 år. Kanskje dei også har ei Sareptas krukke å hente gamle minner opp av...slik som vår generasjon har det med all den fantastiske musikken som vi har fått med oss oppover.

Har alltid vore glad i amerikansk musikk...og no når eg aldri får sjå Tom Petty stå på ei scene for eg trøysta meg med Dave Mattews Band på Spotify..Kanskje eg eingong får oppleva bandet live, som fleire av mine gode vener har ? Det hadde vore noko..

Av alle ting så tenkje eg på fotballklubben Rosenborg når eg les i avisa om eigarskifte og status quo på Rullestad camping. Rosenborg som mista ein flink og sympatisk trenar når ikkje resultata var så gode som forventa. På Rullestad vart eit godt og veletablert camping miljø sparka ut i det kalde intet.

På Lerkendal er det ein beinhard kapitalist og milliardær , Ivar Koteng ,som sit i bresjen for eit styre av nikkedokker. Ivar Koteng som synes at det å driva ein fotballklubb og eit forretningsimperium er ein side av same sak. Kjeme ikkje resultatene og veksten umiddelbart så er det iallefall vekk med trenaren om han er aldri så populær mellom spelerar og publikum.

Vanskelig å trekka paralellar mellom Koteng og dei nye styrande på ein landsens campingplass kanskje...kanskje det er berre fantasien min som trekker såpass bisarre samanlikningar..men eg er no eingong skrudd slik saman.

Begge har sine forklaringar klare... For førstnemnde er det vel at dei ligg 2poeng bak Brann i serien og at dei ikkje har lykkast meir internasjonalt.

Dei andre har feid gode lojale kundar vekk pga av at det er eit forbod i kommunen om treterrassar og rekkverk. Rart det siste, har vore rundt omkring på campingplasser i kommunen og ingen ser ut som dei har eit slikt forbud...

Kan minna på at legendariske Eggen holdt på å mista trenarjobben i 90åra etter manglande resultat internasjonalt, men fornuftige slutningar i klubben gjorde at han fekk fortsetta og vi veit at det resulterte i kvarfinale ute i mesterligaen og at klubben befesta at dei var og er norges beste klubb i mange mange år.

Og eg tenker på at om det hadde vore litt fornuft i dei som styrte med kapitalen på vårt lokale plan , så hadde dei kom til ei ordning med det forrige, populære og hardt arbeidane managementet på Rullestad .. Eit management som i likhet med trenar Eggen kunne vidareutvikla alt det gode på Rullestad og som sjølsagt hadde tatt hand om gamle gode kundar og besøkande.

Eg veit at det på Lerkendal vil stå mange seter tomme i haust. Det er mange med sesongkort kar fått nok av styre og stell i klubben og vil visa det på denne måten.

På Rullestad styrer nok den harde campingkjernen forbi...

 

I desse ulvetider, med Trump, EØS, lokale bankar som ikkje er for dei lokale, Siv, Støre, Erna og heile (hopp)høgreregjeringa er det rart at ein kan bevara vetet og ha medkjensle for noko menneskeleg. Som til eks. å synast synd på Jan Kjærevik som bur på vakre Varaldsøy i Hardangefjorden.
Han Jan som er 74 , er god for 25mill, men som ikkje har råd til bil eller å betala NRKlisens. Kanskje endå verre er det at han har eit hus, som han sjølsagt ikkje har råd til å fiksa på og som har meir måse enn maling på veggane.. Det høyres heilt rimelig ut når ein får veta at Jan har tapt 500000 på aksjane sine berre dei siste mnd . Men Jan er ein sta mann og les sin Kapital kver dag og sel seg ikkje ut ennå. Han er visstnok ein "isbjørn" , ein cool kapitalist som ventar på det rette augneblinket med kjøp/sal av aksjer.
Jan vil så klart ikkje fiksa på eit hus som han om ein 5-10 år må flytta ifrå og inn på alderheimen. Her kan jo Jan sitta å fylja med på kontoen sin med alle pengene. Alt dette medan han nyt godt av godt stell og mat og kanskje ei tørre bleia i ny og ne som felleskapet legg til rette for han. Eit felleskap som han idag slett ikkje har lyst til å innvestera i.
Sjøl ska eg innrømma at det å synast synd på Jan sit langt inne... Det var lettare før med sultne fattige born i Afrika ol.

Fekk telefon frå nye eigar (?) på Rullestad Camping. Fekk kjeft for mitt forrige skriv der han meinte at eg hadde sett dei i eit dårlig ljos i og med at eg påsto at dei hadde sendt utkastelsebrevet til camperane på Rullestad. Og han hadde heilt rett, det brevet kom frå banken. Nye eigar sa at han ikkje var nye eigar, men påtroppande eigar i 2019. Banken er altså eigar ennå (pr st.hans 2018)og ikkje dei som var avbilda som nye eigerar i pressa. Og i det utkastelsebrevet var det formildane omstende som at camperane slapp og betala dei siste mnd tid på oppløpsida før dei tok brekkjernet og motorsaga i bruk. Dette var vel for at dei korte fristane om utkasteles ikkje skulle ramma fullt så hardt. Håpar at dei ikkje gjer seg som camperar , men at dei slår seg til ro på andre campingplassar og drar med seg det gode som dei representerte med seg til desse nye plassane.
Den nye eigaren (ikkje heilt ennå ) sa at eg burde setta meg inn i forskriftene om å driva ein campingplass i Etne. Det må eg med skam og melde sei at eg ikkje hadde leste desse forskriftene. Så hvis det er slik som nye påtroppane eigar seie så er det berre å beklaga herifrå. Nye påtroppande eigar ville rydde opp som han sa, i gamle synder . Gamle synder som visstnok kom klart fram i Etne kommune sine forskrifter for campingplassdrivere i kommunen. Desse forskriftene er ein lysande leiestjerna for campingplassdriverar i kommunen og her står det visstnok at det ikkje skal vera tretelt og tilbygg til campingvognene . Eg veit bestemt at det ikkje var eit einaste tretelt på heile campingen og at det rundt dei forskjellige vogner var sett opp isocamper og sistnemde kan ikkje kallast tretelt. Men nye påtroppand nemde rekkverk og terrassar som var sett opp og at desse ikkje hadde noko der å gjera. Ein liten tanke slo meg hvis ein hadde sett isocampene ned på jordgolv, ka då? Mens nye påtroppande var igong påsto han at det eigentlig ikkje var lov å driva campingplass i det heile (?) Det var eit revolusjonerande utsagn. Hadde lokale politikerar sotte å nytt sine komler og sett utover ein plass som eigenlig ikkje var ein campingplass? Ikkje til å tru.
Den nye påtroppande held korta tett inntil brøstet då eg spurte ka som no kom i 2019, nei det ville han ikkje ut med . Eg prøvde å foreslå , vanleg gardsdrift då det var dårlig med eksisterande andre løyver, eller kanskje nye Ikeabutikk (ja eg veit at spranget er stort) men nei ikkje svar. Det er kanskje ikkje rart dei treng eit halvt års tid før dei set igong noke. Tar tid med bruksendring også hvis dei skal driva campingplass, for innerst inne trur eg det er det som kjem. Tilslutt er det berre å ønska påtroppande lykke til, ka dei no lander på.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.