Rart det der ..etter berre ca ein mnd tid med sol så begynner ein vestlenning å leita på værsidene etter lågtrykk. På Yr har det brennt seg fast ei store sol på skjermen , ei veka framøve, så
der er det inga trøyst å få. Og desse tropenettene som det før av var kanskje berre ei eller to av i året, no går det inflasjon i fenomenet. Det er tropenatt natt etter natt og ein sparkar av seg alt og ligg utan ei einaste
lakenfilla øve seg. På dagen er det berre temperert i 2 meters avstand frå a/c vifta på kjøkkenet..i resten av huset er det ulidelig varmt. Til og med besøket frå austlandet som vi har hatt ein tre fire dagars
tid beklage seg.. Og det er eit folkeslag som er vane med trekkspelande rumenerar og over 30grader på Karl Johan. Og når dei klage..då.
Eg tenker på den gong då eg var ivrig laksefiskar og sto i iskalde flomstore
elvar på denne tida og heldt på å frysa av meg både det eine og andre. I dag er det badetemeraturar i kvar einaste vasspytt i sjø og i elv og laksen er nok halvsvimete av varme. Huskar ein ivrige laksefiskar frå Haugesund,
tannlege til og med, som samanlikna Etne og Sahara, for det var etter hans meining alltid tørt og lite vatn i Etne elva. Kanskje han hadde eit poeng for her set dei jo nye varmerekordar på løpande band. No er det ikkje bra at vi er best
der heller for det likar ikkje Skånevik - og Ølensfolket. Men vær grei naboar..slike rekordar er slett ikkje noko å trakte etter .. belive me.
På jobben ved kraftstasjonen i Litledalenhadde målte vi nebør
i hine hårde dagar Og etter ei beinhard nebørsdøger på 80talet målte vi 179 mm på 24timer . No..tenkte eg , her vi sett nye norsk rekord. Men nei. Eg ringde kraftstasjonen i Matre og der berre lo de av meg. Der hadde
det rennt over i målebegret som tok 225mm. Så det var den rekorden. Men hvis ein tenker etter så er vel ikkje den rekorden noke å trakte etter heller.
Men attende til det vi starta med her..no kunne eg
trengt meir enn den eine millimeteren som Prøys synes er nok..