Må flira litt når eg ser at AP kjøyrer fram Masud Gharahkhani ,som advare imot meir innvandring. No skal AP verta godt alternativ til FRP også på det haldet. Men som Gharakhani seier , dei skal utforma sin eigen innvandringspolitikk.
Og som FRP i si tid gjorde tar AP ein 2 eller 3generasjons innvandrar og sender han ut i krigen.... Og Gharahkhani skal ikkje ha noke av at det kjeme fattigfolk frå den bomba landsbyen eller den sundskotne gata som Gharahkhani sin familie kanskje ein
gong kom i frå..nei så klart ikkje.
Og Garhakhani er nok blitt ein god nordmann med meir «blendakvite» tankegong enn dei fleste av oss. Han er godt integrert på alle plan..litt unorsk namn kanskje, men elles er det meste
i orden..Høge mål har han også..kanskje han klare å vippe Listhaug ned frå tronen som «landsmoder» og blir «landsfader» for dei av oss som tenker den vegen…
Blir spennande å følgje
med …om AP kjeme til å gje han fritt spelerom framover. Då er den politiske vegen staka beint opp og alt kan hende. Listhaug let seg jo riva med og rota det jo til for seg ..ho hadde jo berre oppløpsida igjen til den gjevaste
ministerposten…men vi veit jo alle korleis det gjekk.
Som «snøkvite» nordmann og kanskje AP sin nye yndling ligge alt vel til rette for at Gharahkhani skulle kunne stå eit slikt løp. Men så var det
namnet då…Gharahkhani..men det er kanskje like bra som Støre..og vel så det..