Nesten ingenting her vest er så kjekt som når Bergenserane boblar øve av begeistring for Brann. Alvorlig er det også, ein skal trø varsomt for ikkje å sei noke negativt eller støtande. Og det
er ord og namn som ein helst ikkje skal ta i sin munn i samtale med nevnte art, ord som kankje ..å gå på ein smell eller namn på klubbar som Rosenborg og kanskje Molde. FKH berre fnyser dei av og påstår at i ni av ti kampar….etc.
Men Brann altså. Dei leiar serien med mange poeng og no har dei slått Fyllingsdalen i cupen.. No er the dobbel som gjeld. Ligagull er så klart allereide vunne og cup pokalen skal heim og visast fram på Torgallmenningen.
No
er vegen staka ut ..ut i Europa. Neste likeverdige motstanderar blir nok Roma, Liverpool og Bayern M. No skal minne om Eggens Rosenborg viskas vekk, ein gong for alle. Gløymast skal trønderane sine fantastiske borteseierar mot Italienerar..
Minnet skal skrapast ut av hjernebarken for å gje plass til Norges nye stolthet.
Og kanskje det går..kanskje blir det The dobbel..kanskje blir det eit liv med eting av kirsebær i det gode selskap? Det er berre å gje
seg øve for ein gjennomsnitts vestlenning.. Berre la seg riva med å ropa ….
Heia Brann…Braaaaann!