Må av og til å ein lesa ka som hender i musikkNorge no for tida. KK har jo eit musikkmagasin kver veka.. Det vert som regel og skumlesa litt..for stort sett så er namna på dei utøvande greske
for meg og det ringer ingen bjeller når eg les om Frank Ocean , Alvays, Shopping, Artic Monkeys (joda dei har eg høyrt) , «enorme» namn som Kendrick Lamar...pluss..pluss.
Så for
ein som kjeme frå ein bakgrunn (foreldre) som elska Prøysen og Jularbo. Som har logge i krig (med Buck Owens elskerar) på heimafestar for å kunne spela The Who og Stones.. Som har spelt i mange Band, med blues og 60-70talls rock på
rep. Som her lært seg å lika «nye» band som Green Day og Foo fighters. Som liker mykje «gamalt» som salige Vreeswijk og ein to, tre , av Terje Nilsen.
Oppe på rommet sit
husets 18åring og spelar Contry på iponen ....Rotlaus, Gunslingers etc.. Fruen sverge til Vinylkanalen på dabben.
Er det rart at ein godt vaksen mann har problemer når han les om eller spelar
«nye trendige og toneangivane artistar»?
Av og til kjenner eg i heile meg at eg har vore knallheldige som har fått med 50-60-70 åras musikk som ballast.
Men kanskje kan dagens ungdom mimra til Kendrick Lamar om ein 30-40 år. Kanskje dei også har ei Sareptas krukke å hente gamle minner opp av...slik som vår generasjon har det med all den fantastiske musikken som vi har
fått med oss oppover.
Har alltid vore glad i amerikansk musikk...og no når eg aldri får sjå Tom Petty stå på ei scene for eg trøysta meg med Dave Mattews Band på
Spotify..Kanskje eg eingong får oppleva bandet live, som fleire av mine gode vener har ? Det hadde vore noko..