Fekk telefon frå nye eigar (?) på Rullestad Camping. Fekk kjeft for mitt forrige skriv der han meinte at eg hadde sett dei i eit dårlig ljos i og med at eg påsto at dei hadde sendt utkastelsebrevet til camperane på Rullestad.
Og han hadde heilt rett, det brevet kom frå banken. Nye eigar sa at han ikkje var nye eigar, men påtroppande eigar i 2019. Banken er altså eigar ennå (pr st.hans 2018)og ikkje dei som var avbilda som nye eigerar i pressa. Og i det utkastelsebrevet
var det formildane omstende som at camperane slapp og betala dei siste mnd tid på oppløpsida før dei tok brekkjernet og motorsaga i bruk. Dette var vel for at dei korte fristane om utkasteles ikkje skulle ramma fullt så hardt. Håpar
at dei ikkje gjer seg som camperar , men at dei slår seg til ro på andre campingplassar og drar med seg det gode som dei representerte med seg til desse nye plassane.
Den nye eigaren (ikkje heilt ennå ) sa at eg burde setta meg inn i
forskriftene om å driva ein campingplass i Etne. Det må eg med skam og melde sei at eg ikkje hadde leste desse forskriftene. Så hvis det er slik som nye påtroppane eigar seie så er det berre å beklaga herifrå. Nye
påtroppande eigar ville rydde opp som han sa, i gamle synder . Gamle synder som visstnok kom klart fram i Etne kommune sine forskrifter for campingplassdrivere i kommunen. Desse forskriftene er ein lysande leiestjerna for campingplassdriverar i kommunen
og her står det visstnok at det ikkje skal vera tretelt og tilbygg til campingvognene . Eg veit bestemt at det ikkje var eit einaste tretelt på heile campingen og at det rundt dei forskjellige vogner var sett opp isocamper og sistnemde kan ikkje
kallast tretelt. Men nye påtroppand nemde rekkverk og terrassar som var sett opp og at desse ikkje hadde noko der å gjera. Ein liten tanke slo meg hvis ein hadde sett isocampene ned på jordgolv, ka då? Mens nye påtroppande var
igong påsto han at det eigentlig ikkje var lov å driva campingplass i det heile (?) Det var eit revolusjonerande utsagn. Hadde lokale politikerar sotte å nytt sine komler og sett utover ein plass som eigenlig ikkje var ein campingplass? Ikkje
til å tru.
Den nye påtroppande held korta tett inntil brøstet då eg spurte ka som no kom i 2019, nei det ville han ikkje ut med . Eg prøvde å foreslå , vanleg gardsdrift då det var dårlig med eksisterande
andre løyver, eller kanskje nye Ikeabutikk (ja eg veit at spranget er stort) men nei ikkje svar. Det er kanskje ikkje rart dei treng eit halvt års tid før dei set igong noke. Tar tid med bruksendring også hvis dei skal driva campingplass,
for innerst inne trur eg det er det som kjem. Tilslutt er det berre å ønska påtroppande lykke til, ka dei no lander på.