Blogg

«He is dead, but he want lay down» synge Otto Nilsen. Han synge om fascistiske/nynazisistiske konstellasjonar som dukker opp med jamne mellomrom. Konstellasjonar som ligg der og ulmar , i forskjellige land i forskjellige samanhangar. Berre å sjå på nabolandet våres der sverigedemokratane er blitt det nest største partiet etter valget.. Mykje faenskap er gøymt i det partiet. I Merkels Tyskland marsjeres det kver einaste helg .. I Polen er det snart forbudt å vera sosialist, Ungarn har høge gjerder rundt seg, På Balkan er det som vanlig tøffe tak. I Italia vipper det og kan lika gjerne havna nede på ytterste høgre sida, som de har gjort mange ganger før. I Grekerane slit i botten med sin økonomi, Tyrkia er meir og mindre sjokk med ein halvcrazy statsminister.. Frankrike har sin Le Pen..Danmark og dronninga deira ser fanden på veggen når det står ein som er litt meir enn solbrent utafor grenseovergangane sine. Her på berget er vi hysteriske hvis ein flyktning tok ein «kvite ein» for eit kvart hundre år sia . Då skal han/ho, barna ja alle ihop ut av kongeriket , samma om barnebarnet har spelt på Vålerenga det siste tiåret. Og ellers også..blir demokratiet heile tida uthola ma av partileierar som driv sine eigne parti som eit Kompani Orheim, dog utan all spriten då, men der demokrati innad i partiet  er heilt fråverande.. 

Og over alle og alt er skuggen av Trump.. Han er i konstant i krig med pressen , har interneringsleirar for innvandrerborn og legg meir og meir press på demokratiet. Alt kan henda med den karen ved roret.    Putin drar på signingferd austøve til Kina medan tanks og tusenvis av troppe trør tundraen flat.

Joda Otto Nilsen hadde  heilt rett, Den gutten veit ka han snakka om..Han sat på Grini også, sperra inne av nazistane.. Dei destruktive kreftene er der ...det har smelt før og det kan dessverre smella igjen ..snarare enn vi trur.

 

Leste om restaurant eigaren som ikkje ønska at bartenderane eller servitørane i lokala hans skulle ha synlige tatoveringar eller piercing . For som han seier det kan virka støtande på folk. Har han eit godt poeng? Kanskje? Vi har vel alle vore på pub og bar der det nesten er obligatorisk for bartenderar og iallefall ha ein arm full i tatoveringar. Og vi reagerer heller ikkje negativt på det. Men det kan vel henda at hvis ..ein hadde invitert fruen eller gubben , svigermor eller tante Klara med på ein litt finare spisestad, ein slik ein med små porsjonar , der du aldre blir heilt mett og du må innom ei burgersjappe for å bli skikkelig fyllt opp ,på vegen heim. Og du har kanskje lest deg opp på ein fancy matrett som du skulle brifa litt med. Så hadde du iallefall glømt å brifa hvis det kom ei som var godt dekka av tatoveringar på armar og hals, og som kanskje hadde svingande store piratringar i øyrene og når ho åpna kjeften så datt det nesten ut ein ring ifrå tunga hennar og ned på duken. Tante Klara hadde vel reist seg opp og ville gått ned til kjøttkakene på kaffistova.. Og for deg ein skikkelig nedtur der du kanskje vart strøkje frå arvekartet (testamentet).

Nei intet vondt om tatoveringar og piercingar..men dei høyrer kanskje ikkje heime mellom kelner med stive fingrar , svarte kostymer, dyrt servise og og damask. Hadde passa godt inn på ein brune pub, peanøtter og med musikk av Gravrust..meget godt inn.

Sjøl har eg ikkje tatoveringar og ringar på brøstvortene. Eg fekk formaningar frå mor mi då eg drog til sjøs. Eg behøvde nesten ikkje å koma heim hvis eg kom heim med anker, hjerta eller mor sveisa inn i underarmen. Så det turte eg ikkje. Kanskje det er på tide med ein no?

Iallefall , om det var det som gjorde at eg arva noken tusen etter nettopp tante Klara, det veit eg ikkje.

Når det gjeld rettsikkerhet så slår det norske rettsystemet med heile kobbelet av dommerar, advokatar og andre hangarounds seg på brøstet og gjer iallefall ein (kanskje 2) av noregs største kjeltringar full service og bevilger så mange dagar det skal vera i både tingrett og lagmannsrett. Naturligvis så er det den verste hasjsmuglaren som vi har hatt her på berget, Gjermund Cappelen og hans «venn» Erik Jensen. Sistnemde er vel kanskje uskuldig oppi dette, vel kanskje ikkje heilt då, men førstnemde har jo sutra og trekkt «kompisen» med seg i fallet , i håp om å få kortare straff. Nei det finnes ikkje noke ære mellom kjeltringar lenger, (kanskje det heller aldri har vore). Men iallefall har desse to lagt beslag på mange mnd i tingretten forrige år. Alle steinar, tekstmeldingar, baderom...you name it vart snudd og snudd på. No går vi inn i ein nye rettsmaraton i lagmannsretten kanskje bortimot 5 mnd...dei samme vitnene...dei samme advokatane..nye dommerar og nye juri.. .Dette sirkuset koster sikkert noke vannvittig korkje dommerar eller stjerneadvokatar har noken gong vore beskjedne i sine salerer. Og jurien skal vel ha for tapt arbeidsforteneste såklart...reiserekningar, rettsbetjentar..lista er lang.. Om det er inntente hasjpengar eller salg av beslaglagte hus og Rolexsar veit eg ikkje ..men vi havnar sikkert på at det er over skatteseddelen til oss alle som dekker det meste..

Ein skulle tru at det norske rettsvesnet kan visa stolt fram dette sirkuset i rettsikkerhetens tegn.. Men ka med alle sakene som ikkje får komma til , voldtektsforbryterar og ein masse andre kjeltringar som må venta på grønnt lys frå samfunnet til at dei skal få slått fast sin straff. Ka med offer for barnevernet som kanskje står i fare for å miste omsorgen av det som er det kjeraste for dei..sine barn, kanskje blir avspist med ein dag i rettsystemet, for det er ikkje tid?. Eg har sjølv vore innom ein rettsal som vitne eingong.. Fekk ikkje tid til å vitne ferdig eingong..og andre vitner som var for mora ikkje fekk sleppe til. Vel var denne rettsaken som så mange andre drevet av BV,og deiras konsulentar saman med ein veldressert dommarstand sleipt satt i sving og gjennomført...på ja akkurat ein dag. Ei mor mista omsorgen for sitt kjæraste på jord...det tok akkurat ein-1-dag i det norske rettsvesen.

Det er til å gråte over.

Og for min del orke eg ikkje å sjå på dette sirkuset eingong til...eg må gjera heilt andre ting. Det norske rettsvesen gjere ein kvalm...Rettsikkerhet....fysj.

Eg lure på korleis det hadde gått eg hvis nåtidas politikerar hadde skulle stått lina opp framfor salige Erik Bye og forsvart mykje av det dei står for. Erna , og hennar kupanar i regjeringa for å plukke fleire og fleire «goder» frå våre svakaste, slik at skilje mellom rike og fattige vert ennå meir graverande.. Støre, for å gå inn for å selga ut krafta vår og å gje tømmane til Brussel... Solvik Olsen og gjengen hans for å ha brukt bompengebløffen for å komma i maktposisjon..

Hadde vore kult å sett heile gjengen stilt opp imot ein 2meter høge mennesklige mur av vrede og ha fått ein lange krokete peikefinger i mot fjeset der de fekk klare beskjed om å skjerpe seg ...eller gå av. Sakne etter Erik Bye er der heile tida..Ein høvding som sto på barrikadane klar til kamp for den lille mann, for fiskaren for arbeidaren...for oss alle som ikkje er inne i den kvalmande ,sjølopptatte ,politiske varmen.

Heldigvis har vi visene ,opptaka og bøkene etter han..

å\å+

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.