I desse ulvetider, med Trump, EØS, lokale bankar som ikkje er for dei lokale, Siv, Støre, Erna og heile (hopp)høgreregjeringa er det rart at ein kan bevara vetet og ha medkjensle for noko menneskeleg. Som til eks. å synast
synd på Jan Kjærevik som bur på vakre Varaldsøy i Hardangefjorden.
Han Jan som er 74 , er god for 25mill, men som ikkje har råd til bil eller å betala NRKlisens. Kanskje endå verre er det at han har eit hus,
som han sjølsagt ikkje har råd til å fiksa på og som har meir måse enn maling på veggane.. Det høyres heilt rimelig ut når ein får veta at Jan har tapt 500000 på aksjane sine berre dei siste mnd
. Men Jan er ein sta mann og les sin Kapital kver dag og sel seg ikkje ut ennå. Han er visstnok ein "isbjørn" , ein cool kapitalist som ventar på det rette augneblinket med kjøp/sal av aksjer.
Jan vil så klart ikkje fiksa
på eit hus som han om ein 5-10 år må flytta ifrå og inn på alderheimen. Her kan jo Jan sitta å fylja med på kontoen sin med alle pengene. Alt dette medan han nyt godt av godt stell og mat og kanskje ei tørre
bleia i ny og ne som felleskapet legg til rette for han. Eit felleskap som han idag slett ikkje har lyst til å innvestera i.
Sjøl ska eg innrømma at det å synast synd på Jan sit langt inne... Det var lettare før
med sultne fattige born i Afrika ol.