Blogg

På ein måte misunner eg dei som er sterke i trua. Som no i juletider då noken av oss i fullt alvor les juleevangeliet og held jula i den hevd som jula eigenlig var tenkt..iallefall etter år 0. Dei har jo så klart vore med på pengegalloppen og kanskje kjøpt hagevis av pakkar frå deg til meg og attende...Men likevel..dei røre kanskje ikkje ein dråpe alkohol...eller berre litt..ein liten Løyten kanskje , kan ikkje være for asketisk heller. Men iallefall dei har trua..ikkje lite berre det. Bibelen med forordningane til den enkelte har jo tilpassa seg oppover århundrar. Tilbakeslaga har vore mange men dei som er sterke i trua berre ristar på seg og seie ..at det får gå som Vårherre vil.

Slik liknar dette på det dei truande i Frp.. Her har jo også partiet ein tendens til å tilpassa seg..Men her er går det mykje fortare enn med bibelen..Partiprogramma som menigheten går inn for med inn imot vala er ikkje verd papiret det blir trykkt på ...når partiet er kommt i posisjon. Vi kan vel strekka dette ut til å omfatta dei fleste partia ..men eg vil påstå at Frp er dei verste i klassen.

Men som truande skil den harde kjerne i Frp seg ut.. Dei er verkelig harde og trufaste. For om tilbakeslaga kjeme lukker dei augo hardnakka att og protestere mens dei ropar: Det får gå som Siv vil...åkke som.

Og så er det tid for ein nye skatt...no er det turistane som skal til pers. No skal Jing og Jang frå Kina og Hansen frå Sør Odal, i første omgang , betale skatt hvis dei vil til Lofoten, Sognefjorden og Nordkapp platået. Då er nok porten snart åpen for å betale skatt kver gong når vi kal sjå på blomstringa i Hardanger eller innsida på eit gamalt stabbur i Valdres. Det er visstnok eit stort turistpress på gamlelandet og det klare ikkje staten å takle. For å få oppstillingsplasser for bubilar , handtering av søppelet ol så MÅ det jo innføras ein nye skatt.. Nett slik som det med bomringar vert fortalt oss frå politikerane at det må til skal vi få bedre vegar.. Staten kan jo ikkje ta seg av vegbygginga heller..vi må jo forstå det. Og..Svalbard har jo hatt ein slik skatt i mange år. No er det vel litt forskjel på Svaldbard og Lofoten.. miljømessig.

På Svaldbard er vel ein slik skatt ok, men å overføra dette til fastlandsNorge..det er vel litt drøyt. Men med ja til skatter og avgifts partia som styrer Norge no så er vel ikkje vegen lang til at vi må ha hundrelappane klare når vi skal ut å kosa oss i vårt vakre land.

Korleis innkrevinga skal gå føre seg er vel berre eit teknisk spørsmål og her vert det jo rom for at politikerane kan sitte rundt omkring i forskjellige styrer som tar seg av innkrevinga.. nett som i bompengeinnkrevinga. Og..kanskje ordner politikerane det slik at det vert gratis for denne folkegruppa.

Hvis du har skikkelig stayeremne og lyst , kan du jo prøve å få deg ei hyttetomt sånn for deg  sjøl , på fjellet, over skoggrensa.. Men det et er sikkert nok heilt umulig å få bygge , om så ei lita koie..samme ka.

Men er det derimot eit utalandsk pensjonsfond eller pengesterkt selskap så ser det ikkje ut for å by på problem..iallefall ikkje her frå Vestkysten og nordover. Då får du lov til å sprenga ut til kaier ved sjøen og for å lage ein masse tilførselsvegar i uberørt natur..for så å frakte og setta opp nokre svære jernkolossar på fjell som vi alle er glade i og som har stått uberørte i millionar av år..fram til no.

Grådighetsavtaler som EØS har lagt kongerike vidt åpen for storkapital .. No er gamle avtalar , fornuftige avtalar, skreve og ikke skreve ,lagt øde.. Vi har ikkje ein snøball sjangse i hælvete å vera nordmenn fullt ut i vårt eige land. Få bestemma sjøl ..leva som vi alltid har gjort..Gløym det.

No veks vindkraft skogane raskare enn noken skog som vi veit om. Og.. 15 av 18 nye vindkraftverk anlegg kvar med eit ukjend antall kolossar vert sett opp, er eigd av utanlandsk kapital..Uproblematisk seier grådighetskulturens yppersteprestar i Quisling klassen... Ein vanlig stakkar nordmann kan bli så inni..hæ.... forbanna på yppersteprestane og politikerane som legga landet våres vidt åpent.. for utanlandsk storkapital.

På kart over kongeriket er det avtegna 35 store vindkraftanlegg og at dei frå Lindesnes og nordover.. Det er berre to vindkraftanlegg aust for Lindesnes , ett i Østfold nær svenskegrensa og eit i Hedemark, også det nære riksgrensa. Altså ikkje eit einaste eitt i det bolde sør og østland.. Ikkje ei einast 250høg og stygg monster som skjemmer ut for hytteeigerar i Blindleia, Tønsberg og indre Oslofjord. Fiffen må jo bli spart for slikt voldtekt av naturen som det jo er. Oss vestlenningar, Trønderar, Nordlenningar, Finnmarkingar og Samar er det jo slett ikkje så nøye med. Vi har ofra og vil jo i i framtida ofra masse for at storsamfunna der aust skal ha det mest mulig behagelig og at dei kan lefla med sitt EU som jo er deira forjettede land.

Dei færreste av oss går vel av vegen for ein liten fest, med god drikke til. Det gjere heller ikkje topp idrettsleierane og topp politikerane eller LO toppane våre heller. Skildnaden er at vi betaler for vår fest sjøl, men det gjere ikkje dei sistnemde.

Vi har jo lest om Mr. Tvedt og gjengen som mesker seg med Don Perion og skamdyre, eldgamal wiskey på bordet i saman med idrettsjuntaen på dei forskjellige arrangement rundt om. Og vi veit om at gode drinkane vert finansierte av ein masse frivillig arbeid, av loddselganede juniorar og foreldre, av tusenvis på tusenvis med timar av frivillig i arbeid.

I dei politiske kretsane vert inntaka finansierte av ein masse sugerøyr ned i felleskassen.. Og her vert størrelsen av sugerøyr bestemt av politikerane sjøl. Aftenposten fortalde at «partiet for folk flest» var dei verste på dette området. Her renn alkeholen som friske fjellbekker når dei har sosialesamenkomster. Ikkje rart at dyden til unge framandstormande politikerar ligg dårlig an i saman med dei meir garva når promillen vipper over 2.

No er det gjeld LO toppane ,er det ei bok på trappene skreve av to som nok sikkert har vore med på «fri flyt» av drinkar på festane, men som nok har fått såpass dårleg samvet at dei har skreve ei bok om fenomenet. Dette er nok trist lesnad for oss som har hatt fagforeningstrekk på lønnsetelen i mange og førti år.

Ikkje for å vera jæv... ...men det er jæv... nok det som hender rundt oss.. To store militæøvingar berre få steinkast frå kvarandre. Natos Trident Juncture med 50000 mann på land i Midt- Norge og Ivan med prøveskyting av missiler utafor Mørekysten. Skal ikkje rare fantasien til for å skjøna at ein liten gneist kan føra til konfrontasjon med A- våpen lurande bak. Til og med styresmaktene har skjøna det og ber oss kjøpa jod (!?) til å ha i hus. Eit sterkt verkemedel imot nedfall frå amerikanske eller russiske a-våpen. Trump vil jo skrote alle avtalar om nedrustning. Han har fått seg ein sterk konkurrent til å komma med idiotiske ytringar og handlingar, eg siktar til nyvalde president i Brasil. Ein president ifrå ytterste høgre fløy og med rabiate meininga, berre slå han opp.

I Tyskland går Merkel av... ka då i dette merkelege landet. Det lurer vel ein og annan brun jæv.. i kulissane klare til å ta makta og «forføra» folket igjen...har vore gjort før.

Nei det einaste som gjorde at denne morningen var verd å stå opp på, var at Odny Miljeteig is back in town og tek velgerar frå Høgre i Bergen som aldri før.

Og kanskje gammalmannskristendommen taper på valet på landsmøte til Krf i helga..Ein veit aldri , vi kan nå ha håpet..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.