Blogg

På ein måte misunner eg dei som er sterke i trua. Som no i juletider då noken av oss i fullt alvor les juleevangeliet og held jula i den hevd som jula eigenlig var tenkt..iallefall etter år 0. Dei har jo så klart vore med på pengegalloppen og kanskje kjøpt hagevis av pakkar frå deg til meg og attende...Men likevel..dei røre kanskje ikkje ein dråpe alkohol...eller berre litt..ein liten Løyten kanskje , kan ikkje være for asketisk heller. Men iallefall dei har trua..ikkje lite berre det. Bibelen med forordningane til den enkelte har jo tilpassa seg oppover århundrar. Tilbakeslaga har vore mange men dei som er sterke i trua berre ristar på seg og seie ..at det får gå som Vårherre vil.

Slik liknar dette på det dei truande i Frp.. Her har jo også partiet ein tendens til å tilpassa seg..Men her er går det mykje fortare enn med bibelen..Partiprogramma som menigheten går inn for med inn imot vala er ikkje verd papiret det blir trykkt på ...når partiet er kommt i posisjon. Vi kan vel strekka dette ut til å omfatta dei fleste partia ..men eg vil påstå at Frp er dei verste i klassen.

Men som truande skil den harde kjerne i Frp seg ut.. Dei er verkelig harde og trufaste. For om tilbakeslaga kjeme lukker dei augo hardnakka att og protestere mens dei ropar: Det får gå som Siv vil...åkke som.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.